Historisk arkiv

Genressursar: Betre tider for kystgeita

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Genressursar: Kystgeita er ein sterkt truga husdyrrase, men auka etterspurnad etter kjøt og andre produkt gir håp om auka produksjon. No får den særmerkte geita og si eiga utstilling på Norsk Landbruksmuseum på Ås.

Genressursar: Kystgeita er ein sterkt truga husdyrrase, men auka etterspurnad etter kjøt og andre produkt gir håp om auka produksjon. No får den særmerkte geita og si eiga utstilling på Norsk Landbruksmuseum på Ås.

Kystgeita er ein unik norsk geitestamme som vert halden for produksjon av kjøt. Kystgeita vert ikkje mjølka og ho går ute heile året. Det er funne omtale av kystgeitehald  attende til 1700-talet, og denne driftsforma var truleg mykje utbreidd over store delar av vestlandet.

Har overlevd i Selje
No er det berre i Selje kommune at vi kan finna bønder som framleis driv dette tradisjonelle geitehaldet, og rasen kystgeit har overlevd her. I tillegg finst ein liten populasjon forvilla kystgeit på øyene Skorpa og Sandsøya sør i Møre og Romsdal. I dag finst omlag 180 avlshundyr igjen i Selje, og Genressurssenteret definerer rasen som sterkt truga.
Sjølv om talet dyr har auka dei seinare åra er det framleis eit stort behov for å auke populasjonen og salet av livdyr. God etterspurnad etter tradisjonell mat frå kystgeit, og god respons på nyutvikla produkt gir håp om betre tider for gardsdrift med kystgeit.

Norsk genressurssenter er rådgivande organ for Landbruks- og matdepartementet i spørsmål knytt til genressuar.

Genressursar: Kystgeit
Genressursar: Kystgeita er ein sterkt truga husdyrrase, men auka etterspurnad etter kjøt og andre produkt gir håp om auka produksjon. Foto: Lasse Fløde, Skog og landskap.

Til toppen