Giellavahkku, Giellavahkko, Gïelevåhkoe, Kielâokko, Ǩiõllneäʹttel, Samisk språkuke

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Denne veka vert samisk språkveke markert for fjerde året på rad. –Samisk språkveke er både ein språkdugnad og ei feiring av betydninga dei samiske språka har for landet vårt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Statsråden deltok på opninga i Snåsa søndag 23. oktober.

 

Den offisielle opninga av samisk språkveke og lanseringa av FN sitt tiår for urfolksspråk blei markert i Snåsa, med deltaking frå både H.M. Kongen, regjeringa ved statsråd Sigbjørn Gjelsvik og sametingspresident Silje Karine Muotka.

FNs generalforsamling har vedteke at 2022-2032 er FN sitt tiår for urfolksspråk. UNESCO er ansvarleg for gjennomføringa av språktiåret og Noreg sit i styringsgruppa. Nasjonalt har Sametinget og kommunal- og distriktsdepartementet oppretta eit samarbeidsforum som skal koordinere arbeidet med tiåret i Noreg.

– Noreg har mykje å bidra med i arbeidet med språktiåret. Vi er til dømes langt framme når det gjeld språkteknologiske verktøy, seier Gjelsvik.

Opning av språkveka og lanseringa av språktiåret blei markert med utstilling, talar og konsert på Saemien Sijte og i Snåsahallen.

–  Eg vil rose Saemien Sijte  for den flotte utstillinga dei har fått i stand, og gratulere dei med eit flott, nytt bygg. Sørsamisk språk, kunst og kultur er ein viktig del av kulturarven vår, seier Gjelsvik.

Under språkveka arrangerer Kommunal- og distriktsdepartementet ei utandørs fotoutstilling på 7. juni-plassen som er open for publikum. Utstillinga er laga av designbyrået Árvu og er ein reproduksjon av prosjektet Árbi / Arv: «Språket er vår arv. Da, nå og i generasjoner fremover". Utstillinga skal synleggjere samiske språk i bybildet.

–  Det er viktig at dei samiske språka er synlege på ulike arena i samfunnet, og ein viktig del av arbeidet med språkvitaliseringa skjer gjennom å auke medvitet om dei samiske språka. Ansvaret for å synleggjere samisk språk ligg hos oss alle, seier Gjelsvik. 

Med ønske om ei fin språkveke.

Buorre giellavahkku! Buorre giellavahkko! Buerie gïele våhkoe!