Historisk arkiv

Giske møtte EU sine næringsministrar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Næringsministrane i EU og EFTA vert samla i København 2. og 3. februar, for å drøfte vidareutvikling av det indre marknad.

Tema for møtet var korleis moglegheitene i den digitale indre marknad kan utnyttast betre til fordel for bedrifter og borgarar. Nærings- og handelsminister Trond Giske deltok på møtet.

Kommissær for indre marknad og tenester Michel Barnier og kommissær for digital dagsorden Neelie Kroes haldt innlegg. Dei tala om kva Europakommisjonen gjer for at kjøp og sal av digitale varer og tenester skal vere enkelt og trygt. Næringsministrane drøfta kva som er dei viktigaste hindera for auka bruk av digitale løysingar, og korleis desse kan fjernast. Det blei også innlegg frå bedrifter som har teke i bruk innovative digitale løysingar i verksemda si. 

Bakgrunn

Rådet for Den europeiske union er det sentrale bestemmande og lovgivande organ i EU. Formannskapet i Rådet går på rundgang mellom EU sine medlemsstatar. Danmark overtok formannskapet i EU 1. januar 2012. Den danske formannskapsperioden varer til 30. juni 2012.

Rådet er samansett av ein minister frå kvar medlemsstat. Kva ministrar som møter varierer etter saksområde. Ettersom Noreg ikkje er med i EU deltek vi normalt ikkje på formelle møte i Rådet, men i uformelle dialogmøter.