Historisk arkiv

Gjennomgang av ordninga for rettferdsvederlag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

(Billighetserstatning)

Regjeringa legg i dag fram ein stortingsproposisjon om Stortingets rettferdsvederlagsordning og arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007.

Regjeringa legg i dag fram ein stortingsproposisjon om Stortingets rettferdsvederlagsordning og arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007.

Regjeringa tek i proposisjonen opp spørsmålet om behovet for ein gjennomgang av heile ordninga og framtidig rapportering om arbeidet i utvala. I tillegg blir det lagt fram éi enkeltsak der det er aktuelt å tilkjenne rettferdsvederlag på 300 000 kroner.

Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga vederlagsordning, der einskildpersonar som har kome særleg uheldig ut, kan søkje om ein skjønsmessig kompensasjon. Ordninga er basert på sedvane og er ikkje nærmare regulert i formelle reglar. Det er i dag tre rettferdsvederlagsutval som gjer vedtak i saker om rettferdsvederlag. I saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over 200 000 kroner er det Stortinget sjølv som gjer vedtak i sakene.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Wenche L. Kverneland, tlf: 22 24 51 39.