Historisk arkiv

Gjennomgang for auka fartsgrenser

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa ønsker å gjere reisekvardagen til folk så enkel og effektiv som mogleg. Vi ønsker dessutan å utnytte infrastrukturen vi bygger, best mogleg. Derfor ber eg no Vegdirektoratet vurdere om enkelte vegstrekningar som er dimensjonert for det, bør få høgare fartsgrense enn dei har i dag, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsministeren har i dag sendt brev til Vegdirektoratet om å kartlegge strekningar der fartsgrensa er lågare enn vegen opphaveleg var dimensjonert for, og vurdere om fartsgrensa kan settast opp.

- Riktige fartsgrenser er vesentleg for å kunne utnytte eksisterande veginfrastruktur best mogleg. Den respekten trafikantane har for skilta fartsgrenser, avheng dessutan av at grensene verkar fornuftige og logiske ut frå korleis trafikantane sjølv oppfattar forholda på vegstrekninga. Derfor ber eg no om denne gjennomgangen, seier Dale.

Gjennomgangen skal innehalde berekningsgrunnlaget for dei samfunnsøkonomiske vurderingar som er gjort på dei aktuelle strekningane.