Gjer det enklare å bruke lønstilskot i statlege verksemder

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Frå 1. juli kan statlege verksemder inngå avtalar om tilsetting med lønstilskot i inntil to år, utan at stillinga må lysast ut. Dette skal legge betre til rette for bruk av lønstilskot i staten.

Lønstilskot er eit effektivt verktøy for å få personar som står utanfor arbeidslivet, inn i arbeid. Utlysingsplikta som gjeld for ledige stillingar i staten kan vere eit hinder for å bruke lønstilskot.

Regjeringa har derfor fastsett eit unntak frå hovudregelen om at ledige stillingar i staten skal kunngjerast offentleg, slik at statlege verksemder kan inngå avtalar om tilsetting med lønstilskot, utan utlysing.

– Noreg manglar arbeidskraft. Samstundes står mange som kan og vil jobbe utanfor arbeidslivet. Eg håpar dette vil gjere det enklare for statlege verksemder ta i bruk kompetansen og arbeidskrafta til desse personane. Det kan gi fleire moglegheit til å komme seg i jobb, slik at dei kan bygge opp arbeidserfaring og kompetanse, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Unntaket frå utlysingskravet gjeld ved mellombels tilsetting med lønstilskot i inntil to år, der det blir tilsett personar med nedsett funksjonsevne eller som har stått utanfor arbeid, utdanning eller opplæring. Unntaket er fastsett i forskrifta til statstilsettelova.

– Å ha ein jobb å gå til er utroleg viktig for den enkelte. Det handlar om å kunne bidra i samfunnet, få eit sosialt nettverk og få brukt kompetansen og arbeidskrafta si. Eg håpar denne endringa vil bidra til meir mangfald i statlege verksemder, seier Gjelsvik.

Om bruk av lønstilskot

Mellombels lønstilskot kan tildelast arbeidsgivarar som tilsett personar som har utfordringar med å komme inn på arbeidsmarknaden på ordinære løns- og arbeidsvilkår. Det kan vere arbeidssøkarar som treng tilrettelegging, og som kan ha vanskar med å nå opp som best kvalifisert i ein ordinær rekrutteringsprosess. Det er NAV som avgjer kven som kan bli tilsett med lønstilskot, og avtalane kjem ofte i stand utanom dei ordinære rekrutteringsprosessane.