Historisk arkiv

Gjer det lettare å innføre hand- og overflatedesinfeksjonsmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Ein forskrift om mellombels unntak for hand- og overflatedesinfeksjonsmidlar (antibac) vart vedtatt denne påska. Forskrifta sikrar ein raskare marknadstilgang til desse desinfeksjonsmidla under den pågåande COVID-19 pandemien.

Forbruket av hand- og overflatedesinfeksjonsmidlar har auke betrakteleg som følgje av den pågåande COVID-19 pandemien. Desse desinfeksjonsmidla har blitt ei mangelvare i marknaden, og dei strenge krava i Biocidforskrifta måtte lettast for å legga til rette for auke av innførsel og produksjon.

Forskrifta vil letta marknadstilgangen til effektive og trygge desinfeksjonsmiddel i Noreg.

Som ein følgje av det massive nye behovet, vedtok Klima- og miljødepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet 7. april forskrift om mellombels unntak frå krav i Biocidforskrifta og CLP-forskrifta. Forskrifta gjer eit tidsgrensa unntak frå utvalde delar av regelverket, og endrar ikkje innhaldskrava til produkta. Unntaka gjeld til dømes krav til merking på norsk, unntak frå krav om melding til produktregisteret og visse unntak frå krav om godkjenning.