Historisk arkiv

Global kamp mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Verda sine leiarar var i dag på FN sitt høgnivåmøte i New York for å diskutera antibiotikaresistens. Det er satt av ein heil dag til denne viktige saka. Statsminister Erna Solberg som leier Noreg sin delegasjon vil og stille i ein paneldiskusjon om dette temaet.

Noreg sin strategi for å hindre spreiing av antibiotikaresistente bakteriar i norsk landbruks- og matproduksjon har vore svært vellukka. Dette er mellom anna eit resultat av eit omfattande samarbeid og stor innsats frå norske bønder, næring, forvalting og forsking.

I Noreg har vi makta å halde resistensproblemet på eit svært lågt nivå,  men eg er svært bekymra for den globale utviklinga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Antibiotikaresistens er ein global utfordring som ein løysar gjennom  internasjonalt samarbeid på tvers av sektorar. Resistente bakteriar frå andre delar av verda spreiar seg i aukande grad til Noreg. Ein felles internasjonal respons er avgjerande for om vi skal klare å bremse utviklinga av antibiotikaresistens.

Temaet står difor høgt på dagsorden når vi møter representantar frå andre land, og dei viser stor interesse for vårt arbeid og ambisiøse mål, seier landbruks- og matminister Dale.

Landbruks- og matminister Dale er svært fornøgd med at statsministeren deltar i panelet som skal drøfte dette temaet. Med dette er det globale arbeidet mot antibiotikaresistens forankra i FNs høgaste organ. Noreg spiller ein viktig rolle i utviklinga av innovative globale løysingar mot antibiotikaresistens basert på regjeringa sine konkrete og offensive målsetjingar.