Historisk arkiv

Global utdanningskonferanse i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

6.- og 7. juli møtes leiarar frå heile verda i Oslo for å mobilisere til felles innsats for utdanning i land ramma av krise, konflikt og fattigdom. FNs generalsekretær Ban Ki-moon og fredsprisvinnar Malala Yousafzai opnar høgnivåkonferansen saman med statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende.

Måndag 6. juli:
Kl. 16.00: Statsministeren deltar på den globale lanseringa og påfølgjande pressekonferanse av den siste rapporten for arbeidet med FNs tusenårsmål saman med FNs generalsekretær Ban Ki-moon og Rwandas president Paul Kagame. Lanseringa av rapporten blir presentert via ein videolink til eit FN-møte med fleire høgnivådeltakarar i New York. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.

Kl. 18.20: Foto og kort pressemogelegheit etter møtet mellom fredsprisvinnar Malala Yousafzai, statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.

Kl. 19.00: Mottaking i Oslo Rådhus med statsminister Erna Solberg og deltakarar på utdanningskonferansen. Foto-mogelegheit ute. Stad: Oslo Rådhus.

Tysdag 7. juli:
Kl. 07.50: Foto i det statsminister Erna Solberg tar imot FNs generalsekretær Ban Ki-moon. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.30.

Kl. 09.00: FNs generalsekretær Ban Ki-moon og fredsprisvinnar Malala Yousafzai opnar høgnivåkonferansen saman med statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende. Fotomogelegheit rett før konferansen startar. Arrangementet er ope for pressa. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.

Kl. 09.45: Pressekonferanse med Erna Solberg og Ban Ki-moon. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.

Kl. 10.00-15.00: I dette tidsrommet gjennomfører statsministeren fleire bilaterale møte. Det blir foto og kort pressemogelegheit etter kvart møte (kan bli endringar). Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.
Mellom kl. 10.00-11.50:
Statsministeren møter Nigers statsminister Brigi Rafini
Statsministeren møter Rwandas president Paul Kagame
Mellom kl. 13.15-15.00:
Statsministeren møter MDG AG-medlem Graca Machel
Statsministeren møter Haitis statsminister Paul Evans
Statsministeren møter FNs generalsekretærs spesialutsending for utdanning Gordon Brown

Kl. 16.30: Statsministeren møter Pakistans statsminister Nawaz Sharif 

Pressefolk som ønskjer å dekkje desse møta, må melde til smkinfo@smk.dep.no kva møte dei ønskjer å dekkje.

Alle pressefolk som skal dekkje heile eller delar av Utdanningskonferansen, må akkreditere seg på konferansens hjemmesider.

Pressekontaktar:
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, 975 30 948, anne.nordskog@smk.dep.no

Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Astrid Sehl, 922 84 752, asse@mfa.no

Utdanningskonferansen finn stad på Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.
For program og meir informasjon, sjå utdanningskonferansens heimeside.