God breidd i innovasjonssøknadar til BIONÆR-programmet

Mangfaldet innovasjonssøknadar i haust lover godt for Noregs moglegheiter for å vidareutvikle landbruks- og matproduksjon som ein del av bioøkonomien.

– Forsking og ny kunnskap er ein føresetnad for å vidareutvikle norsk landbruk og tilhøyrande industri. For å lukkast er det viktig at næringa sjølv tek aktiv del i forskinga. Difor er det gledelig å sjå at næringa viser stor interesse for å søke om innovasjonsprosjekt frå BIONÆR-programmet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

38 innovasjonssøknader

I mai lyste Forskingsrådet sitt BIONÆR-program og Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA) ut inntil 135 millionar kroner til innovasjonsprosjekt på områda næringsmidlar, jordbruk, skog- og trebruk og sjømat. Formålet med eit innovasjonsprosjekt er å utløyse FoU-aktivitet i næringslivet og på den måten bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping.

Til søknadsfristen førre uke kom det inn 38 søknader. Tematisk kan søknadane deles inn slik:

  • sjømat
  • teknologi for innovativ skogsdrift og innovative trebaserte produkt
  • matindustri, mobile slakterier og produksjonsteknologi, emballasje
  • mat og helse
  • teknologi i landbruket
  • meierisektoren, funksjonelt fôr til husdyr, avl av svin og får 

Avgjerast i januar

BIONÆR-administrasjonen er no i full gang med å vurdere søknadane saman med eksterne fagekspertar. Kva for prosjekt som vert innvilga vert avgjort i slutten av januar 2017.