Historisk arkiv

God dekning med norske lam

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Lammesesongen er godt i gang, og kjøtbransjen rapporterer om høge slaktevekter og god kvalitet. Produksjonen av lammekjøt ser ut til å auke samanlikna med fjoråret. I EU er òg sauebestanden på veg opp, og produksjonen av saue- og lammekjøt aukar.

Sein snøsmelting og forsinka beiteslepp var realiteten tidlegare i år. Likevel ser det ut til å bli ein god haust for norsk lammeproduksjon. Statistikk frå Animalia syner at hittil i haust var det aller størst slakting av lam i veke 39.

Høge slaktevekter og god kvalitet

Animalia sine slaktetal per veke 41 syner at det så langt i år er slakta om lag 560 000 lam. Det er 65 000 færre enn på same tid i 2014. På den andre sida er lamma i år velfødde og held god kvalitet. Lamma har til no hatt ei middelvekt på over 20 kg, og middelklassen hittil svarar til godt over klasse R på EUROP-skalaen. På same tid i 2014 var middelvekta om lag 19,5 kg, og middelklassen noko lågare.

Forventar produksjonsvekst i år

I den nyaste prognosen frå marknadsregulator Nortura ser det ut til at den norske produksjonen av sau og lam vil auke med om lag ein prosent i 2015, til 23 850 tonn. I januar i år var talet på sau 2,3 prosent høgare enn i januar 2014, medan bestanden av lam var nær fire prosent høgare ved beiteslepp. Truleg vil talet på slakta lam auke med oppimot tre prosent i år. I prognosen er det på den andre sida venta litt lågare slaktevekter enn i 2014. Slakteresultata per veke 41 syner at vektene hittil er høgare enn det som ligg til grunn i prognosen.

Samstundes som det ligg an til produksjonsvekst, ventar Nortura at engrossalet vil gå ned med nær tre prosent, til 25 050 tonn. Marknadsbalansen for året ser ut til å ende med eit underskot på 200 tonn, etter at det er importert om lag 1 000 tonn lammekjøt innanfor kvotar. Det betyr at andelen norsk lammekjøt på marknaden vil bli høgare i 2015 enn dei fire åra før.

Sau på beite.
Det ser ut til å bli meir norsk lam i markanden i år enn i fjor. Foto: Landbruks- og matdepartementet