God inntektsvekst i jordbruket

Inntektene per årsverk i jordbruket auka med 2 prosent i 2016, etter to år med sterk inntekts-auke. Inntektsauken var 8 prosent på Jæren, 7 prosent på Vestlandet, 11 prosent i Trøndelag og 1 prosent i Nord-Norge. På Austlandet gjekk inntektene ned med 6 prosent, som følgje av inntekts-reduksjon for bruka med kornproduksjon. Det viser tall frå NIBIO sine driftsgranskingar, som blei lagt fram i dag.

– Eg er nøgd med at inntektsauken i jordbruket var høgare enn den generelle løns­auken også i 2016, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Det er inntekts­reduksjon i korn på Austlandet som dreg snittet ned. Inntektsauken er svært god i det grasbaserte distriktsjordbruket, som på Vestlandet og i Trøndelag, seier Dale.

Tala for 2016, følgjer etter to år med svært god auke i inntektene. I 2015 auka inntektene i driftsgranskingane med 13 prosent i gjennomsnitt. Tala for 2016, viser både sterk inntektsauke i distriktsjordbruket og sterkast inntektsauke for dei minste bruka. Det er svak inntektsutvikling i korn og redusert inntekt i sauehaldet, på grunn av overproduksjon, som dreg ned gjennomsnittsresultatet. 

Investeringsnivået i jordbruket er høgt og nettoinvesteringane auka med 18prosent i gjennomsnitt i 2016. Det viser stor investeringsvilje. 

Eigenkapitaldelen i jordbruket er høg. I 2016 viser NIBIO sine driftsgranskingar at eigenkapitaldelen var 53 prosent, det same som året før. Sjølv om gjelda auka, fall rentekostnaden med 6prosent på grunn av lågare rente.