Historisk arkiv

God marknad for norske bringebær

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Bringebærdyrking har lenge vore ei viktig næring fleire stader i landet, men utviklinga har vore særleg stor dei siste ti åra. Det har fleire årsaker, men utvikling og bruk av nye sortar og ny dyrkingsteknikk med bruk av plasttunnelar har vore viktig

Dei fleste ønskjer bær først og fremst fordi dei smakar godt. Difor er smak ein så viktig eigenskap. Dersom bæra i tillegg kan vera del i eit sunt kosthald, er det endå meir interessant. Ny kunnskap om den sannsynlege, helsefremmande verdien av antioksidantar som finst i fargestoffa og som det m.a. finst rikeleg av i bringebær, gjorde sitt til at interessa for bæra vart endå større. Forbruket av ferske bringebær auka sterkt. Utvikling av nye sortar tilpassa den norske marknaden er viktig for å møte etterspurnaden