Historisk arkiv

Gode bygg gjev betre samfunn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Leserinnlegg i samband med den første bygningsmeldinga

Slik klede skapar folk, formar bygg samfunn. Den første stortingsmeldinga om bygningspolitikk skjerpar miljøkrava, men forenklar byggjeprosessen.

Til liks med mange andre har eg vore engasjert i eigne byggeprosjekt. Eg veit kva for spørsmål om pris, regelverk og kvalitet som kjem. Bygningspolitikk er ikkje noko fjernt. Politikken vedkjem dei fleste av oss og legg grunnlag for eit verdig liv, verdiskaping og ulike aktivitetar.

Som ansvarleg statsråd for bygningspolitikken er eg difor stolt over at regjeringa nyleg har lagt fram meldinga «Gode bygg for eit betre samfunn». Meldinga er den første på området og skal leggje grunnlag for betre kvalitet og meir kompetanse.

Frå ei mangfaldig melding vil eg trekkje fram to område. Det eine er enklare byggjereglar og søknadsprosessar. Det andre er energibruk og klimakrav.

Enklare reglar
I Noreg ha me tradisjon for sjølv å pusse opp og rehabilitere hus og heim. I tillegg har mange føretak berre ein eller nokre få tilsette. Då kan eit omfattande og komplisert regelverk vere krevjande å setje seg inn i.

Eg er oppteken av forenkling og forbetring av regelverket. Byggeigarar skal få god og riktig informasjon og ein meir effektiv byggjeprosess enn i dag. Samtidig skal regleverket framleis sikre kvalitet i bygget og byggeprosessen.

Stortingsmeldinga varslar eit forenklingsarbeid som skal redusere tidsbruk og kostnader. Regjeringa vil at fleire enkle byggjetiltak skal kunne bli sett i verk utan å søkje kommunen først. Det vil kunne redusere køen av saker med rundt 30 prosent i kommunane.

Byggjereglane skal også bli lettare å forstå. Frå tidleg plan til ferdig bygg må utbyggjar i dag gjennom for mange trinn for godkjenning. Dei møter uventa hindre og må ta omkampar. Innan 2015 skal byggjesøknadar og kommunal handsaming skje digitalt. Det er meir brukarvennleg.

Nye klimakrav
Bygg står for om lag 40 prosent av energibruken i Noreg. Regjeringa varslar no at energikrava for nye bygg vil bli skjerpa til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Dette gjev næringa tid til å omstille seg. Det er allereie bygd eller planlagd over 1000 bustader på passivhusnivå. Nokre aktørar i byggjenæringa ser allereie forbi passivhus. Dei vil ha plusshus – bygg som produserer meir energi enn dei forbrukar.

Meir kvalitet og kompetanse
Byggje- anlegg- og eigedomsnæringa er største næringa på fastlandet. Den omset årleg for 600 milliardar kroner. Verdien av bygga er på svimlande seks billionar kroner. Norske bustadar, heimane våre, står for to tredelar.

Difor treng me ei kompetent næring. Det blir gjort for mange feil i prosjektering og praktisk bygging. Samstundes er produktivitetsutviklinga låg. Regjeringa vil difor invitere byggjenæringa til samarbeid om eit kunnskapslyft. Satsinga har me kalla «Bygg21».

Bygg bér i seg tradisjonar frå fortida som me skal ta vare på. Samtidig skal me byggje for framtida, med ein byggjeskikk og ein arkitektur som gjer samfunnet rikare. Som Winston Churchill ein gong uttrykte det: »Me formar bygningane våre, deretter formar dei oss. »