Historisk arkiv

Gode døme på innovativ utvikling i fjellområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg på den syvende europeiske fjellkongressen, Lillehammer 16. september 2010.

- Som fylkespolitikar i Sogn og Fjordane var eg opptatt av å utvikle fjellregionen, og delta i dette arbeidet. Det er difor ei glede for meg å vitje Lillehammer i dag, med representantar frå fjellregionar, fjellnæringar og ekspertar innan innovasjonsfeltet frå heile Europa tilstades.

Som fylkespolitikar i Sogn og Fjordane var eg opptatt av å utvikle fjellregionen, og delta i dette arbeidet.

Det er difor ei glede for meg å vitje Lillehammer i dag, med representantar frå fjellregionar, fjellnæringar og ekspertar innan innovasjonsfeltet frå heile Europa tilstades.

Temaet for konferansen er viktig. Eg håpar at me etter desse dagane på Lillehammer kan koma fram til ein kraftfull bodskap.

Ein bodskap om at innovasjon også finn stad utanfor dei store sentra, og at innovasjon kan ha vel så stor kraft i fjellområde som i byane.

Og ikkje minst må me hugse på dei spreiddbygde områda og dei ressursane som finst der når me planlegg for ei meir miljøvennleg framtid.

”Fjellpolitikk er viktig”, var det ein som sa, ”Me har for få fjell og må byggje fleire!”
No trur eg at nettopp det uvanlege, det eksotiske og eventyraktige representerer kvalitetane ved norske fjell.

Me har langstrekte vidder med turstiar, vestlandsfjella med stølsdrift, alpine utfordringar, og me har fjellbygder med tradisjonelle og nye produkt, bygningar og kultur.

Det me verdset, er skapt av og avhengig av at det framleis bur menneske i fjellheimen.

At det er eit aktivt næringsliv, med landbruket som botnplanke.

Fjellheimen er ikkje noko museum som ”berre” byr på storslått natur, frisk luft og fråvær av eksos.

Slik trur eg også det er andre stader i Europa, der fjella set sitt preg på natur og kultur.

Me treng innovasjon i fjellregionane. Vekst og utvikling.

I Noreg har me i mange år vore opptekne av distriktspolitikk og vilkåra for busetnad og næringsverksemd i alle delar av landet.

Me har langt på veg lukkast med å få finne gode politiske løysinar, samanlikna med mange andre land.

Eg vil hevda at distrikts- og regionalpolitikken vår egnar seg for eksport, fordi den sikrar verdiskaping i heile landet.

Sjølv om at utviklinga i folketalet i sum går i sentraliserande retning, ser me samstundes at flyttingane går begge vegar, også til kommunar og regionar med små senter og spreidd busetting.

Me kan difor ikkje berre sjå på nettotal for flytting. Me må sjå på bruttotala.

Kanskje flytta 100 menneske ut, men samstundes kom det 87 nye innbyggjarar til kommunen.

Desse innflyttarane representerer mulegheiter og mangfald.
Mulegheiter som lokalsamfunna må ta vare på.

Lisboa-traktaten seier at EU skal ha særskild merksemd mot område med spesielle geografiske høve. Tanken om å sikre rammevilkår for livskraftige distrikt er levande i EU og.

Me ynskjer dette velkommen.

I dialog med EU-kommisjonen og andre land, vil me vise korleis slike mål krev at ein lokalt, regionalt og nasjonalt treng armslag. Armslag til å føre ein politikk som er tilpassa dei einskilde regionane.

Eit døme på dette er ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift.
Det er ei nasjonal ordning som legg til rette for arbeidsplassar i område med låg busetnad og folkenedgang.

Denne ordninga er vårt viktigaste verktøy i distriktspolitikken.

Samarbeid kan utvilsamt vere nyttig også på dette området. Fjellregionsamarbeidet har gjennom Interreg-prosjekt fått innspel frå andre delar av Europa og inspirasjon til å styrkje utviklinga i norske fjellbygder.

Programmet for desse dagane er spekka av gode idear og inspirasjon til nyskaping.

Kartlegginga av norske fjellprodukt, som blei gjort i samband med Euromountains prosjektet, er eit døme på dette.

Den raudgrøne regjeringa byggjer sin distrikts- og regionalpolitikk på at me har lokalsamfunn med god vekstkraft. Som det heitte i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken frå i fjor: Vekstkrafta kjem nedanfrå.
 
Me verken kan eller vil diktere utvikling frå Oslo.

Me ynskjer i staden å leggje til rette for at utvikling finn stad på lokalsamfunna sine premissar.

Samstundes må  dei ressursane me har felles bli forvalta på miljøvennleg vis.

Stortingsmeldinga drøftar også ein politikk for fjellområda.

Målet for fjellpolitikken er få til verdiskaping og næringsutvikling. Det må skje på ein måte som sikrar dei store naturverdiane og kulturminna i fjellområda.

Vidare vil me leggje til rette for ein lokalt og regionalt tilpassa politikk for å kunne utnytte fortrinn og mulegheiter i områda.

Vegen dit går gjennom samarbeid mellom lokale, regionale og statlege styresmakter.

Det er viktig at staten gjev rom for at lokale og regionale styresmakter får større påverknad på forvalting av naturen.

Lokal forvalting av verneområde er eitt riktig steg på vegen.

Om nokon har vore i tvil...
Det er mykje fjell i Noreg.

Ja, mest alt er fjell. Ei utgreiing av Nordregio frå 2005 konkluderte med at ca 91 prosent av Noreg er dekt av fjellområde eller område som deler dei karakteristika som fjellområda har knytt til klima, topografi og tilgjenge.

Dette er for ein stor del dei same regionane me tradisjonelt kjenner som distriktsområde her i landet.

I Noreg har me difor ikkje hatt ein særskilt politikk for fjellområda.
Me kan til ein viss grad hevde at distrikts- og regionalpolitikken også er fjellpolitikk .

Utgreiinga til Nordregio avgrensa fjellområde i heile EU pluss Sveits og Noreg.
Det er med felleseuropeiske kriterier ein kjem fram til eit så stort tal som 91 %.

For å kome til ei meir presis avgrensing har Kommunal- og regionaldepartementet difor tinga ei utgreiing om kva som kjenneteiknar fjellregionar.

Utgreiinga er skriven av Østlandsforsking i samarbeid med Spatial Foresight, Büro für raumforschung, raumplanung und  geoinformation og Popcorn AS.

Eit av omsyna var å undersøkje om ein kunne definere fjellregionar som ein meir handterlig storleik for ein fjelltilpassa politikk.

I rapporten er fjell difor avgrensa etter strengare kriterier enn i rapporten frå Nordregio. Med desse kriteria blir 77 av 342 kommunar i Sør-Noreg såkalla fjellkommunar, og dei har til saman ca 5,8 % av befolkninga i Sør-Noreg.

Utgreiinga teiknar likevel ikkje eit bilete av at fjellregionane har andre utfordringar enn andre distriktsområde, med eit unnatak for tilgjengelegheit.

I tillegg er fjellregionane i større grad enn andre distriktsområde prega av utfordringane knytt til balanseringa vekst og vern.

Det er ein viktig observasjon.

Eg meiner me treng ein politikk som legg til rette for større lokal verdiskaping knytt til nasjonalparkar og verneområda.

Eg har ikkje alle svara, men ser at det er fleire innlegg om dette som me kan lære av.

Eg meiner at omsynet til utvikling i fjellregionar kan takast i vare innanfor distrikts- og regionalpolitikken og andre politikkfelt som verkar inn på den regionale utviklinga.

Men: Ifylgje rapporten kan meir merksemd om fjella, fjellfokus som det heiter frå forskarane si side, gje ein distriktspolitikk betre tilpassa desse områda.
Rapporten peiker på kor viktig vernepolitikken er for kva som skjer i fjellområda.
Forskarane trekker, ikkje overraskande, også fram at samarbeid mellom lokale, regionale og nasjonal styresmakter er avgjerande for å få til ei god utvikling.
Samferdsle og gode transportløysingar blir nemnt som del av ei slik utvikling. For min eigen del vil eg også trekkje fram teknologiske løysingar, som breiband.

Det gjer også ei aktiv haldning til den auka bruken av fjellområda til rekreasjon. Ei utvikling som byr på mulegheiter for mange lokalsamfunn.

Eg inviterer de som er i salen her til å kome med innspel og kommentarar knytt til rapporten.

Det er lagt til rette for kommentarar på våre nettsider. No må de kjenne dykkar besøkelsestid for meir merksemd om fjellregionane.

Eg lovar å lytte til innspela. Eg har eit ekte engasjement for dette området. Eg er heller ikkje framand for å utvikle ein eigen fjellpolitikk innanfor rammene av distriktspolitikken.

Utgreiinga gjev grunnlag for å hevde at me er på rett veg:
Me legg vekt på lokale og regionale initiativ.

Samstundes må me fremje god dialog mellom verne og utviklingsinteresser.
Her meiner eg det må gis større rom for handling lokalt.

Korleis skal me i ljos av dette leggje til rette for høgare innovasjonstakt i fjellområda?

Eit viktig bidrag har vore ei storstilt satsing på breiband over heile landet.
Ved byrjinga av 2010 var 99,9 pst. av hushalda busett i område med breibandsdekning.

God kapasitet tyder mykje for innovasjonsevna, verdiskapinga og kvar bedrifter lokaliserer seg.

Sjølvsagt også for tilgjenge til tenester som offentleg og privat sektor byr.

La meg nemne eit par gode døme på innovasjon.

Desse syner at verksemder har makta snu det som vanlegvis blir sett på som ulemper, nemleg avstand til marknaden og produksjon i liten skala, til sine fortrinn.

Resultat er høg kvalitet og produkt som blir verdsett på marknaden, nasjonalt og internasjonalt.

Det første dømet er Rakfisk frå Valdres.

Rakfisk er kanskje ikkje det me vil tenkje på som innovativt.  Det er ein tradisjonsrik norsk rett, rotfesta i bondekulturen vår, men dei siste åra svært populær også i urbane strøk.

Det er kanskje her dei seks produsentane i Valdres har lukkast med det eg vil kalla ein marknadsinnovasjon.

Det handla blant ann om å etablere felles rutinar i produksjonen for å få fram jamn og høg kvalitet.

Dei har knytt fisken saman med verdiar som kulturarv, opphav, truverde og tryggleik. Dei fortel ei historie.

Gjennom samarbeid med Norsk designråd blei det laga ein felles grafisk profil og emballasje. Etter dette samarbeidet har salet av produktet vokse.

Ikkje rart at rakfisken frå Noraker gard har blitt kåra til den beste råvara frå vatn/sjø i Oppland.

Eit anna døme som eg vil trekka fram er Sweet Protection frå Trysil, som kanskje særleg er kjende for hjelmar for ski, snowboard og kayakk.

Sweet er eit døme på initiativ og driv frå enkeltpersonar som byggjer på kjennskap til sporten og kva for behov utøvarane har.

Det kan vere fristande å spørje om moderne fjellklede kan bli til i byar der me knapt merker at det er regn, snø og vind.

Naturen er det beste laboratoriet for moderne tekniske klede.

Ein kan sjølvsagt seie at lokalisering betyr mykje for mulegheitene til å ha suksess, men dette reiser og spørsmålet – lokalisering av kva?

Sweet protection er eit døme på at ein kan vere basert i ein landsby i dei skandinaviske fjella, og likevel lukkast i å nå ein global marknad.

Identitet og opphav i ei fjellbygd kan vere ein fordel marknadsmessig – så lenge ein har eit unikt produkt.

Innovasjon er ikkje stadbunden.

Sjølv om me ikkje utan vidare kan seie at fjellregionane er så spesielle at dei treng spesielle distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel, er dei unike.

Fjellet har alltid vore tiltrekkjande og forlokkande.
Det gjev utsyn, utfordringar, luft til tanke og plass til fantasien.

Det har alltid vore eit samspel mellom natur og kultur.

Sjølv om fjella i syningom alltid er dei same, og same vind den heite panna svalar, for å sitere ein norsk diktar, så har det alltid vekse fram nye mulegheiter i den europeiske fjellheimen.

Mulegheiter som kan lede til innovasjon, nyskaping og utvikling.

Lukke til med konferansen, lukke til med å utvikle dei unike fjellregionane me har.

Og ikkje gløym å sjå etter dei norske fjella når de har mulegheit.