Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Godkjenn kommunedelplan for vidareutvikling av Levanger sentrum

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag godkjend kommunedelplan for Levanger sentrum. Planen legg opp til ein tydeleg avgrensing mellom utviklingsområda i sentrum og landbruksareala utanfor. I utviklingsområda legg kommunen til rette for fortetting og utvikling av eit variert utval av sentrumsnære bustader.

Avgjørelse i innsigelsessak - kommunedelplan for Levanger sentrum(pdf)

Planen stadfestar mellom anna ei vidareføring av Geitingsvollen som bustadformål. Departementet legg til grunn ein trinnvis utvikling av området, slik at landbruksjorda kan drivast så lenge som mogleg.

-Med denne planen har Levanger kommune gjort kloke og framtidsretta grep for å fortette og utvikle sentrumsområda, medan dei lagar ei tydeleg grense mot verdifull dyrka mark, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Trøndelag fylkeskommune hadde motsegn til planen. Departementet har i si handsaming av planen lagt vekt på føreseieleg planlegging i kommunen, og at planen legg opp til ei vidareutvikling av Levanger som ein kompakt og klimavennleg by.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00