Historisk arkiv

Godkjenner delar av bustadområde i Bybåndet sør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner delar av bustadområde i den interkommunale kommunedelplanen for Bybåndet sør i Time kommune. Det godkjende området utgjer 63 dekar.

I tillegg opnast det for at ein i framtidige planar kan leggje ut ytterlegare 273 dekar til bustadbygging, dersom eit auka behov tilseier det. Time kommune har peika på at utbygging i dette området først vil vera aktuelt mot slutten av planperioden.

- Det er positivt at dei tre kommunane Time, Klepp og Sandnes har samarbeidd om arealbruken gjennom ein interkommunal kommunedelplan. Vi legg no til rette for at kommunane kan kome vidare med det viktige arbeidet med byutvikling på Jæren, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet støttar Landbruks- og matdepartementet si vurdering av at bustadbehovet førebels kan dekkast utan at ein tek i bruk heile bustadområdet det vart fremja motsegn til.

- Men dette er altså ikkje eit varig vern av området. Dersom eit framtidig auka bustadbehov tilseier det, og krava i dei statlige planretningslinene er oppfylt, kan området vurderast på nytt mot slutten av planperioden, seier Sanner.

Sandnes, Klepp og Time har berekna at det er behov for 5310 nye bustader i planområdet fram mot 2040. Kommunane har lagt fram ein interkommunal plan om å forlenge det samanhengande storbyområdet på Nord-Jæren mot sør.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet presiserer i brevet at området der det ikkje vert opna for utbygging no, framleis ligg inne i framtidig utviklingsretning i regionalplanen for Jæren. Departementet fastslår at dersom boligbehovet tilseier det, og krava i statlege planretningslinjer til samordna bustad-, areal- og transport er oppfylt, kan områda vurderast på nytt mot slutten av planperioden.

Det er Fylkesmannen i Rogaland  som har fremja motsegn til planen.

Se vedtaket