Historisk arkiv

Godkjenner planar for bustadbygging i Fjell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag godkjent to reguleringsplanar for bustadbygging i Fjell kommune. Reguleringsplanen for Tveita opnar for 20 bueiningar i eine- og tomannsbustader, medan det i Møvika kan byggjast 36 leilegheiter i eit nytt leilegheits- og næringsbygg.

- Planane vil gje eit meir variert bustadtilbod i denne delen av kommunen, slik kommunen ønskjer, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. 

Fylkesmannen hadde motsegn til planane mellom anna fordi dei ikkje er i samsvar med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, og med regional plan for areal og transport i Bergensområdet. Departementet har forståing for synspunkta til fylkesmannen, men meiner likevel at det i desse sakane må leggjast vekt på kommunen sitt ønskje om nye område for bustadbygging, og at begge planane vil medverke til å styrke eksisterande servicetilbod og auke grunnlaget for kollektivtrafikktilbodet.

Samstundes har departementet ikkje godkjent kommunen sitt vedtak av reguleringsplanen for Trettevika på Bjorøyna. Her ønskte kommunen å opne for fire nye bustader og småbåthamn i strandsona. Departementet meiner at planen er i strid både med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. I denne saka blei motsegna frå fylkesmannen teken til følgje.

I 2019 har Kommunal- og moderniseringsdepartementet avgjort 20 motsegnssaker. Kommunen har fått fullt eller delvis medhald i 17 saker. Sidan regjeringsskiftet i 2013 har departementet støtta kommunen heilt eller delvis i 81 prosent av sakene.

- Under førre regjering fekk kommunen berre støtte i fire av ti saker. Lokalt sjølvstyre er viktig for denne regjeringa, og det går tydeleg fram av statistikken, seier Mæland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00