Historisk arkiv

Gråskimmelsopp i jordbær: Undersøking av tilhøva i Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gjennomført ei undersøking av resistens mot plantevernmiddel som skal hindre gråskimmelsopp.

Resultata frå Agder er lik andre deler av landet

Totalt fann ein resistens mot fem av seks stoff som er i plantevernmiddel.  Nokre middel viste stor grad av resistens, medan andre hadde mindre. Resultata frå Agder samsvarer med undersøkingar kring bær i andre deler av landet og resultat frå Europa og USA.

Mange andre faktorar

I rapporten frå NIBIO blir det streka under at det ikkje nødvendigvis er samsvar mellom mykje gråskimmel og høg resistens mot soppmiddel. Variasjonane kjem også av at mange andre faktorar påverkar avlingsresultata, ikkje minst vêret, men også sprøyteteknikk og dyrkingsmetodar. 

– Ein del jordbærdyrkarar, spesielt i Agder, fekk i fjor sommar sterkt reduserte avlingar på grunn av angrep av soppsjukdommen gråskimmel. Frå næringa vart det i kontakt med departementet spesielt tatt opp trongen for å gjere undersøkingar og prøvetaking av gråskimmelsoppen for å få meir kunnskap om eventuell resistens mot plantevernmiddel, seier statssekretær Terje Halleland.

Landbruks- og matdepartementet ga derfor NIBIO i oppdrag å gjennomføre kartlegging resistens mot plantevernmidlar i jordbærfelt i Agder. Resultata ligg no føre.

Statssekretær Terje Halleland strekar under at slik skade og reduksjon av avling som ein del jordbærdyrkarar i Agder hadde i fjor sommar, er ein risiko alle som driv med landbruk er utsett for. Avlingane kan variere mykje frå år til år, avhengig av vér- og veksttilhve. Det er viktig å arbeide med alternativ til kjemiske plantevernmiddel.    

Tidlegare undersøkingar

Gråskimmelsoppen har ein livssyklus som gjer at det lett oppstår resistens ved bruk av plantevernmiddel.

Det har vore gjennomført undersøkingar gjennom eit prosjekt under tidlegare Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av av plantevernmiddel (2010-2014). Undersøkinga, som vart  gjort av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i samarbeid med Norsk Landbruksrådgivning, galdt Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Sogn- og Fjordane. Dette arbeidet er nå utvida til også å femne om Agder.

Norske jordbær.
Norske jordbær Foto: Landbruks- og matdepartementet