Gratis innmelding i Frivilligregisteret frå 1. januar

Regjeringa ønskjer meir bruk av Frivilligregisteret, og gjer innmelding i registeret gratis frå 1. januar 2015.

– Vi vil ha enklare reglar og mindre byråkrati for frivillige organisasjonar, slik at verdfull tid blir frigjort til frivillig aktivitet. Hovudgrepa for å få til dette er forenkling av statlege tilskotsordningar og auka bruk av Frivilligregisteret, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Innrapportering av data til registeret skal vere så enkelt som råd for organisasjonane. Data frå registeret skal bli brukt av forvaltinga.  

- Målet vårt er å få i stand ei ny løysing for innrapportering frå organisasjonane i løpet av 2015. Vi vil òg arbeide for at også andre departement brukar Frivilligregisteret i forvaltinga av tilskot til frivillige organisasjonar.

Det vil vere ei årsavgift på 135 kroner, men organisasjonane skal ikkje betale denne årsavgifta det året dei registrerer seg.