Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Gratis med elbil på riksvegferjer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Frå 2009 kan elbilar takast gratis med på riksvegferjer. Dette er eitt av fleire tiltak frå regjeringa som gjer desse bilane endå meir attraktive. Dette sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med eit elbil-seminar i Lærdal.

– Frå 2009 kan elbilar takast gratis med på riksvegferjer. Dette er eitt av fleire tiltak frå regjeringa som gjer desse bilane endå meir attraktive. Dette sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med eit elbil-seminar i Lærdal.

– Me er heilt nøydde å bryte samanhengen mellom auka velstand og auka klimagassutslepp. Mellom anna må energiforbruket per køyretøy ned, og vi må ta i bruk meir miljøvennlege energiberarar. Elbilen er eitt av svara på denne utfordringa, seier samferdselsminister Navarsete.

Elbilar er frå før fritekne frå eingongsavgift og årsavgift, dei kan parkere gratis på offentlege parkeringsplassar, passere gratis gjennom bomringar og køyre i kollektivfeltet.-

- Når regjeringa no sørgjer for at elbilar kan takast gratis med på riksvegferjer, tek vi eit viktig steg for at elbilen blir eit attraktivt transportmiddel i distrikta, i tillegg til i byområda. Både næringsliv, det offentlege og privatpersonar i distrikta får no ei gulrot som kan gjere det meir interessant å velje elbil framfor andre bilar, seier Navarsete.

I Noreg kjem nær all energi frå fornybare og klimavenlege energikjelder. Sjølv i dei tilfella der elektrisiteten kjem frå kolkraft, vil det vere miljøgevinst å hente, fordi elbilane er svært energieffektive.

I Noreg er det no over 1500 elbilar, medan talet var 1200 i 2004.

• Sjå også: Samferdselsminister Navarsetes innlegg på elbil-seminaret i Lærdal, 5. september 2008

Til toppen