Historisk arkiv

Helsing frå landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Gratulerer med samefolkets dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I dag er samefolkets dag, og vi feirar samane, det samiske og ikkje minst reindrifta som ei viktig samisk næring.

Reindrifta er ei viktig næring og ein kulturberar for samane og for Noreg. Den samiske reindrifta er sentral i fleire lokalsamfunn, og strekkjer seg frå Hedmark til Finnmark. Reindrifta er unik, har mange fortrinn og eit potensiale for auka verdiskaping. 

Rein på vidda
I dag er samefolkets dag, og vi feirar samane, det samiske og ikkje minst reindrifta som ei viktig samisk næring. Foto: Heidi Dokter/Samfoto/NTB Scanpix

Næringa har eit godt utgangspunkt for å produsere varer som møter kundane sine krav og ynske om kvalitet, opphav og historie. Naturen og årstidene set smak på reinkjøtet. Det er ekte, reint og naturleg. I tillegg viser forsking at reinkjøtet er sunt. 

Fleire i reindrifta tilbyr opplevingar innan reiseliv. Det kjem turistar i alle aldrar som vil sjå midnattssola, nordlyset og ikkje minst møte og lære om den samiske reindrifta. I tillegg er lærings- og omsorgsbaserte tenester under utvikling. Det er viktig å etablere nye næringar med utgangspunkt i reindrifta. Dette bidreg til eit berekraftig velferdssamfunn, auka lønsemd og til at fleire kan ha hovudinntekta si frå reindrifta. 

Rein
Det kjem turistar i alle aldrar som vil sjå midnattssola, nordlyset og ikkje minst møte og lære om den samiske reindrifta. Foto: Heidi Dokter/Samfoto/NTB Scanpix

Sjølv om reindrifta er ei kulturbasert næring, har drifta tradisjon for å ta i bruk ny teknologi som sparer næringa for tid og ressursar, og legg til rette for ein tryggare og sikrare arbeidskvardag. I dei siste åra har reineigarar tatt i bruk dronar, elektronisk individmerking og satellittbaserte navigasjonssystem. Slike hjelpemiddel effektiviserer drifta og forbetrar  produksjonen. Samstundes bidreg bruken både til å vidareutvikle teknologien og til at fleire reineigarar tek i bruk teknologien. 

Næringa har gjort eit viktig arbeid med å leggje til rette for ei berekraftig reindrift. Ei økologisk og økonomisk berekraftig næring vil, etter mi vurdering, vere sjølve grunnlaget og ein føresetnad for ei kulturell berekraftig næring. Det tek òg vare på reindrifta som ei familiebasert næring. 

Same med rein
Samefolkets dag feires til minne om det første samelandsmøtet som ble holdt i Trondheim 6. februar i 1917, for 101 år siden. Dagen markerer fellesskapet på tvers av landegrensene på Nordkalotten. Foto: Heiko Junge/NTB Scanpix.

Det er all mogleg grunn til å vere optimist på vegne av reindrifta. Etterspurnad kan bli er langt større enn produksjonen. I dette ligg det store moglegheiter for auka verdiskaping. 

Mitt mål som landbruks- og matminister er å bidra til at reindrifta tek ut potensialet som ligg i næringa. 

Læhkoeh biejjine – Vuorbbe biejvijn – Lihkku beivviin – Gratulerer med dagen!

Det samiske flagget.