Historisk arkiv

Gratulerer utmarkkommunane med jubileet!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Statsråd Sanner deltek på jubileumslandsmøtet til Utmarkkommunane si samanslutning (USS) i Ullensvang, 28. april. - Dette er ein viktig møteplass for norske distriktskommunar, og det er ei stor glede for meg å vere her for å feire 20- års jubileet for organisasjonen, seier Sanner.

Regjeringa har eit felles prosjekt, om å forenkle utmarkforvaltninga. Dette er eit arbeid som Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet samarbeider om.

- USS samlar mange kommunar, og har i 20 år arbeidd for verdiskapning og berekraftig bruk av utmarka. De er ein viktig møteplass, og ein god pådrivar for kommunane sine interesser, seier Sanner.

- Vi har stort potensial som ligg i dei store naturressursane i utmarka. Vi vil redusere byråkratiet, vi vil styrke kommunane sin lokale råderett, og vi vil legge til rette for meir berekraftig verdiskaping i utmarka. Eg ønsker å gratulere USS med 20 års godt arbeid – og håper på godt samarbeid også framover, seier statsråden.

Gratulerer med jubileet, og lukke til i det vidare arbeidet!