Historisk arkiv

GRECO gratulerer Noreg med gjennomførte korrupsjonstiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Noreg er det første av 49 land som har gjennomført alle korrupsjonstiltaka som vi vart pålagde av Europarådet sitt verktøy mot korrupsjon GRECO (Group of States against Corruption).

Noreg er det første av 49 land som har gjennomført alle korrupsjonstiltaka som vi vart pålagde av Europarådet sitt verktøy mot korrupsjon GRECO (Group of States against Corruption) i 2009.  

Dei i alt åtte endringstiltaka dreier seg om å styrke innsynet i og kontrollen med finansieringa av politiske parti, og om kriminalisering av korrupsjon.
No slår GRECO fast at Noreg har innarbeidd alle tiltaka, og på ein svært tilfredsstillande måte GRECO-president Marin Mrcela seier at han ser på den norske korrupsjonsinnsatsen som eksemplarisk.