Historisk arkiv

Grønt lys for utbetring av fylkesveg 545 i Fitjar og Stord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Utbetring av fylkesveg 545 i kommunane Fitjar og Stord i Hordaland skal delvis finansierast ved å forlengje dagens innkrevjing av bompengar i riksvegsambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg. - Dette betyr betre og meir trafikksikker veg og fører også til at hovudfartsåra E39 får ein betre omkøyringsveg, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

Utbetring av fylkesveg 545 i kommunane Fitjar og Stord i Hordaland skal delvis finansierast ved å forlengje dagens innkrevjing av bompengar i riksvegsambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg.

- Dette betyr betre og meir trafikksikker veg og fører også til at hovudfartsåra E39 får ein betre omkøyringsveg, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

Eit forslag om finansieringa av arbeid på  fylkesveg 545 vart lagt fram i statsråd i dag.

Innkrevjinga i ferjesambandet tok til i 2002 og er med på å finansiere delar av kostnadene for utbygging av strekningar på E39 på Stord mellom Borevik, like sør for Jektvåg, og Sandvikvåg. Innkrevjinga blir gjennomført ved påslag på ferjetakstane.

Fylkesveg 545 går på vestsida av Stord. Delar av vegen er smal og svingete. Vegen er einaste omkøyringsveg i fall E39 må stengjast. Utbetringa omfattar også bygging av gang- og sykkelveg. For dei fleste innbyggjarane i Fitjar kommune er fylkesveg 545 tilkomst til E39, tilkomstveg til kommunesenteret i Fitjar og lokalveg mellom Fitjar og Sagvåg. 

For utbetringa av delar av fylkesveg 545 er det no lagt til grunn ei samla økonomisk ramme på 59 millionar 2012-kroner. Finansieringa skal skje ved ein kombinasjon av bompengar i riksvegferjesambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg og fylkeskommunale midlar.

Det foreslåtte bompenge- og finansieringsopplegget er i tråd med vedtak i Hordaland fylkeskommune og i kommunane Fitjar og Stord.


Kartskisser og fleire opplysningar:

Prop. 149 S (2011-2012) Finansiering av fv 545 Fitjar og Stord kommunar i Hordaland