Utlandet feirar Grunnlova

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Nær 150 ulike større og mindre grunnlovsarrangement er planlagt i regi av våre utanriksstasjonar i løpet av 2014.

Frå Cape Town
Cape Town: Stortingspresident Olemic Thommessen (tv) og Siv Stundal har vore i Sør-Afrika i samband med markeringar av det norske grunnlovsjubileet. (Foto: Hetty Zantman)

Nær 150 ulike større og mindre grunnlovsarrangement er planlagt i regi av våre utanriksstasjonar i løpet av 2014.

Det starta i Kiel den 14. januar med 200-års markeringa av Kielfreden med stortingspresident Olemic Thommessen, statssekretær Bård Glad Pedersen og 400 andre nordmenn til stades på Platz des Kieler Friedens. Det har fortsatt med at dronning Sonja opna Christian Krogh-utstillinga i København, og i februar deltok stortingspresidenten på ei grunnlovsmarkering i utlandet. Denne gangen i samband med feiringa av 20-årsjubileet for demokratiet i Sør-Afrika.

Dette er bare tre døme. Stasjonanes jubileumsaktivitetar held fram heile året, med høgsesong i april og mai.

Grunnlovsjubileet – ei anledning
Det er kanskje ikkje like sjølvsagt å skulle feire grunnlovsjubileet i Jakarta, i Rio de Janeiro, Nairobi, eller Sofia som på Eidsvoll. Likevel har mange utanriksstasjonar vald å markere jubiléet.

Grunnlovsjubileet er eit godt høve til å løfte fram grunnlovsrelaterte problemstillingar som utvikling av rettsstat, folkestyre, menneskerettar og demokrati. Dette er sentrale tema i norsk utanrikspolitikk. I Ottawa ser vi til dømes at ambassaden blant mykje anna organiserer seminar om menneskerettar og demokrati. I Brussel inviterer ambassaden og EU-delegasjonen til debatt om grunnlovsprosessar i kjølvatnet av den arabiske våren. Ambassaden i New Delhi skal ha medieseminar om sentrale element i Grunnlova.

Du kan finne meir informasjon om internasjonal markering av grunnlovsjubileet i grunnlovssekretariatet sin jubileumskalender og i den vedlagte oversikten.