Grunnsteinen er lagt for ny Veterinærbygning på Ås

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la i dag ned grunnsteinen for den nye Veterinærbygninga på Campus Ås.

I 2019 flytter Veterinærinstituttet og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) si veterinær- og dyrepleierutdanning frå Adamstuen i Oslo inn i ei ny felles bygning på Ås. Den nye Veterinærbygninga blir på om lag 60.000 kvadratmeter når den står ferdigstilt. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la i dag ned grunnsteinen for den nye bygninga. "Grunnsteinen" er eit skrin som inneheld ulike gjenstandar. Representantar frå NMBU, Statsbygg, tilsette frå Veterinærinstituttet på Adamstuen og Ås, samarbeidsinstitusjonar og andre inviterte gjester var til stades. 

– Grunnsteinen for det nye Veterinærbygget er ein viktig milepæl. Når det står ferdigstilt i 2019, vert det nye Veterinærbygget ein del av den største grøne og blå kunnskapsklynga i Noreg. Satsinga på Campus Ås samlar den fremste kompetansen her i landet innan kunnskapsutvikling og utdanning for norsk matproduksjon og dyrevelferd, frå produsent til forbrukar. Topp moderne forskings- og undervisningsfasilitetar vil bidra til å heve kvaliteten både i forsking og utdanning, og ikkje minst for rekrutteringa til utdanninga, sier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Grunnsteinsnedleggelse (skrin) ved kunnskapsminister Røe Isaksen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale
Grunnsteinsnedleggelse (skrin) ved kunnskapsminister Røe Isaksen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Høge forventingar

– Eg har høge forventningar til forskningsmiljøa som i 2019 skal samlokaliserast i det nye Veterinærbygget. Dei bør sette seg i førarsetet i utviklinga av den norske bioøkonomien. Dei bør levere forsking av høg internasjonal kvalitet og høgt kompetente kandidatar til arbeidslivet. Og dei må sørge for at forskinga tas i bruk, seier landbruks- og matminister Dale. 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale sammen med rektor ved NMBU Mari Sundli Tveit.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale sammen med rektor ved NMBU Mari Sundli Tveit. Foto: Landbruks- og matdepartementet