Historisk arkiv

Slettar gjelda for Guinea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg slettar heile gjelda Guinea har til Noreg. Dette utgjer omlag 100 millionar kroner.

Noreg slettar heile gjelda Guinea har til Noreg. Dette utgjer omlag 100 millionar kroner. 

– I august i fjor sletta vi 42 millionar kroner av gjelda Guinea har til Noreg. Eg er glad for at vi no slettar resten. Då kan det vestafrikanske landet bruke meir av inntektene sine på skular og helsetenester til befolkninga utan å bere med seg ei tung gjeldsbyrde, seier utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås. 

Afrikansk landsby i Guinea-Conakry (Flickr/300td.org's photostream)

Avtala byggjer på ei rammeavtale som vart inngått i Parisklubben – det felles forumet for kreditorlanda – i oktober 2012. Parisklubben vedtok då å gje Guinea gjeldssletting under det internasjonale gjeldssletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet

Noreg står aleine om ein politikk der gjeldssletting ikkje går ut over bistanden til fattige land, men kjem i tillegg til denne. Gjelda vert sletta utan at bistandsbudsjettet vert belasta. 

– Vi kunne også ha rapportert dette som bistand, men vi ønskjer ikkje å blåse opp bistandsbudsjettet vårt med noko som bør kome i tillegg til dette, seier Holmås. 

Les meir om den førre gjeldssletta for Guinea her.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms).