Historisk arkiv

Høyring av samiske og kvensk namn på Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

− Regjeringa vil synleggjere dei samiske språka og det kvenske språket. Vi er derfor stolte over å foreslå samiske og kvensk namn på Kongeriket Noreg, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa sender i dag eit forslag på høyring om å vedta Norga/ Norgga Gonagasriika (nordsamisk), Nöörje/ Nöörjen Gånkarïjhke (sørsamisk) og Vuodna/ Vuona Gånågisrijkka (lulesamisk) som offisielle namn på Noreg og Kongeriket Noreg.

Regjeringa foreslår Norja som det offisielle kvenske namnet på Noreg, medan to ulike forslag til kvensk ord for Kongeriket, Kuningasvaltakunta og Kuningasriikki, skal høyrast.

Departementet har også laga eit framlegg til retningsliner for offisiell bruk av namna.

Forslaget blir sendt på høyring i Samisk språkveke. Språkveka skal bidra til å løfte statusen til dei samiske språka og auke kunnskapen om språka i samfunnet. Regjeringa meiner Språkveka er eit godt høve til å sende forslag til nye nasjonsnamn på høyring.

– Vi er kjende med at det har vore eit ønske frå samiske og kvenske miljø om å få offisielle samiske og kvensk nasjonsnamn. Dette er viktig for å synleggjere språka. Sametinget ønsker mellom anna å sette opp riksgrenseskilt med samisk språkform i visse område. Dette blir mogleg når vi får nye, offisielle nasjonsnamn, seier Helleland.

Ei innføring av offisielle samiske og offisielt kvensk namn på Kongeriket Noreg vil stadfeste og synleggjere Noreg som ein mangfoldig, fleirspråkleg stat.

– Vi er veldig glade for at vi kan sende forslaget på høyring i Språkveka og håper namna blir tekne i flittig bruk og at vi får mange gode høyringsinnspel, avsluttar Helleland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00