Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Guri Melby besøker Vestby vidaregåande skule

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Statsråd Melby kjem til Vestby vidaregåande skule i Follo måndag 25. mai. Det er lagt til rette for dialog med rektor, lærarar og elevar om stengjeperioden i samband med korona, og arbeidet med å kome tilbake til ein meir normal skulekvardag. Statsråden møter også vinnaren av Holbergprisen i skulen.

Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskingskonkurranse for samfunnsfag, humaniora, juss og teologi. Årets vinnar,  Helene Randem Lunde, er elev ved Vestby vidaregåande. 

Stad: Noreveien 2, 1540 Vestby.

Tid:    25.mai kl.12.30-13.30.

Program:

12.30 – 12.35 Statsråden blir møtt av rektor, Holbergprisvinnar og elevrådsleiar Rohan Sharma ved hovudinngangen.

12.35 – 12.55 Samling i plenum med markering av Holbergprisen i skulen. Rektor ønskjer velkommen.

Kort tale ved fylkesråd Siv Henriette Jacobsen og statsråd Melby.

12.55 – 13.15 Samtale med elevar og tilsette om koronasituasjonen, og om korleis ein kan betre opplæringa i vidaregåande. 

13.15 – 13.30 Pressemøte der elevar og tilsette er tilgjengelege for media i kantina.

13.30 Avreise.

Kontaktperson:

For kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby:

Kommunikasjonsrådgjevar ved KD, Ajfer Husejin:  Ajfer.Husejin@kd.dep.no tlf. 95936485