H.K.H. Kronprins Haakon og statsministeren i Auschwitz

Tysdag 27. januar markerast 70-års dagen for frigjeringa av Auschwitz i Polen. Frigjeringa avslutta nazistanes folkemord i Auschwitz-Birkenau. Kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg er til stades på markeringa. Det er også attlevande norske frå Auschwitz-Birkenau.

Minneseremonien startar klokka 15.30. Det offisielle arrangementet i Auschwitz-Birkenau og akkreditering finn pressa meir informasjon om her. Merk at akkrediteringsfristen går ut laurdag 17.januar.

Det blir lagt opp til eit møte mellom dei attlevande, Kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg. Media som ynskjer å vera til stades, må melde seg til: smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 21. januar.

Pressekontakt for Kronprins Haakon er kommunikasjonsrådgivar Liv Anette Luane, telefon 918 26 056. Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.