Historisk arkiv

Hallingskarvet nasjonalpark oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde er oppretta av Kongen i statsråd i dag. Nasjonalparken er på omlag 450 kvadratkilometer, der 49 prosent er statsgrunn. Også biotopvernområdet på omlag 6,7 kvadratkilometer er statsgrunn. Vernet skal sikre landskapet og plante- og dyrearter i Hallingskarvet.

Pressemelding

Dato: 22.12.06

Miljøvernminister Helen Bjørnøy:

Hallingskarvet nasjonalpark oppretta

Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde er oppretta av Kongen i statsråd i dag. Nasjonalparken er på omlag 450 kvadratkilometer, der 49 prosent er statsgrunn. Også biotopvernområdet på omlag 6,7 kvadratkilometer er statsgrunn. Vernet skal sikre landskapet og plante- og dyrearter i Hallingskarvet.

Foto: Johan Brun.

Hallingskarvet sett fra sør. Foto: Johan Brun.

Hallingskarvet er eit stort, særmerkt fjellområde med få tekniske inngrep. Her finst viktige verdiar knytt til geologi og landskapsform. Ein kan lese den geologiske historia i området tydeleg i landskapet. Vernemotivet er også å sikre verdifulle vassdrag, mellom anna fleire som allereie er verna mot kraftutbygging, og å ta vare på kulturminne.

- Det har vore viktig for meg å sikre dette området, også fordi det er ein del av leveområdet for villreinen i Nordfjella villreinområde, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Nasjonalparken omfattar sjølve Hallingskarvplatået og høgfjellsområda vestover til austre Låghellerhøgdene nordvest for Finse. Det er registrert fleire spesielle arter i området, mellom anna truga plantearter som tinderublom og handmarinøkkel. Området er mykje nytta til friluftslivsaktivitetar. Det finst eit omfattande nett av stigar og skiløyper her.

- Vernet vil sikre at alle framleis har gode høve til å oppleve den spennande naturen i området gjennom tradisjonelt, enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging, seier Bjørnøy.

Foto: Aurland naturverkstad.

Hellevatnet med utsikt mot Hellevassfonne og de mektige stupkantene vest for Folarskardet. Foto: Aurland naturverkstad.

Nasjonalparken ligg i Hol kommune i Buskerud, i Ulvik herad i Hordaland og i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Biotopvernområdet ligg i Ulvik herad. Formålet med biotopvernområdet er å sikre eit viktig trekkområde for villrein og binde saman leveområde for villreinen på Hardangervidda og i Nordfjella.

Vernevedtaket er ei oppfølging av St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge.

Kontaktperson: Rådgjevar Ove Bakken, tlf. 22 24 60 13