Historisk arkiv

Halvparten dreiv med tilleggsnæringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Annankvar jordbruksbedrift arbeider med andre landbruksbaserte næringar, til dømes leigekøyring, i tillegg til tradisjonell jordbruksdrift. Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringane utgjer likevel berre 6 prosent av den totale arbeidsinnsatsen i landbruket. Det viser Landbruksundersøkinga frå 2012/2013.

Godt over halvparten av jordbruksbedriftene driv - i tillegg til tradisjonell jordbruksdrift - med andre næringar som er baserte på ressursane i jordbruksbedrifta. Leigekøyring er næringa med flest utøvarar, og om lag 9 900 einingar held på med dette. Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringar utgjer 6,1 millionar timar av i alt 96,6 millionar timeverk som vert utførte på jordbruksbedriftene.

Tilleggsnæringar lite tidkrevjande

Fleire av næringane som fell inn under omgrepet tilleggsnæringar, krev liten eller ingen arbeidsinnsats, til dømes utleige av jakt- og fiskerett eller bortleige av bygningar og jordbruksareal. Mange jordbruksbedrifter driv innanfor desse næringane, noko som gjev eit høgt tal på bedrifter med tilleggsnæringar, men som i liten grad påverkar den totale arbeidsinnsatsen i landbruket.