Historisk arkiv

Hamsunsenteret fekk Statens byggjeskikkpris 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Hamsunsenteret på Hamarøy i Nordland fekk i dag Statens byggjeskikkpris frå kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Hamsunsenteret på Hamarøy i Nordland fekk i dag Statens byggjeskikkpris frå kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Hamsunsenteret. Foto: Husbanken.
Hamsunsenteret. Foto: Nils Petter Dahle.

- Hamsunsenteret er eit av dei mest særeigne byggverk som er bygt i Noreg dei seinaste tiåra. Her får ein ei ny arkitektonisk oppleving, både som form, funksjon, som element i eit landskap og som utvikling av staden. Eg er imponert over det arbeidet arkitektane, landskapsarkitekt og byggherre har lagt ned her, seier Navarsete.

Statens byggjeskikkpris er ein av dei fremste prisane innan norsk arkitektur- og byggjebransje. Prisen på 200 000 kroner blir delt mellom arkitektane Steven Holl Architects, LY arkitekter as, landskapsarkitekten Landskapsfabrikken og byggherren Nordland fylkeskommune.

Byggjeprosjektet blir framheva av juryen som eit unikt stykke arkitektur av høg internasjonal klasse.

Som respektfull gest til tradisjonell norsk arkitektur, er torvtaket og stavkyrkja si mørke trekledning her tolka på nytt og gjeve ny og eigen karakter. Bygningen underordnar seg ikkje landskapet, men opnar for nye betraktningar og tolkingar av det, skriv juryen i si grunngjeving.

- Hamsunsenteret bidreg til å heve, fornye og utvikle den allmenne byggjeskikken. Bygningen gjev ei ny tolking av det som er særskilt for staden, seier Navarsete.

Heidrande omtale
Sju bygg vart nominerte til Statens byggjeskikkpris. Rockheim, det nasjonale opplevingsenteret for pop og rock i Trondheim, fekk heidrande omtale av juryen.

Utstilling i DogA
Utstillinga som syner vinnaren av Statens byggjeskikkpris 2011, samt dei seks andre nominerte prosjekta er å sjå i DogA – Norsk Design- og arkitektursenter i Oslo fram til 26. juni. Utstillinga vil etter det vere på turné rundt i landet fram til april neste år.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.