Handlingsplan plantevernmiddel

Landbruks- og matdepartementet har tildelt 9 millionar kroner til prosjekt for 2016 for å redusere bruk og risiko ved bruk av plantevernmiddel.

Arbeid med ein ny Handlingsplan på plantevernmiddelområdet for perioden 2016-2020, er i sluttfasen. Handlingsplanen skal bidra til å redusere bruken av plantevernmiddel og risikoen for negative effektar ved bruk av slike midlar.

Pengane er fordelt i samsvar med tilrådinga frå arbeidsgruppa som følger opp arbeidet med Handlingsplanen. Arbeidsgruppa har representantar frå Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Klima- og miljøverndepartementet, Landbruksdirektoratet og Landbruks- og matdepartementet.

Ugrasprøyting.
Ugrasprøyting. Foto: Erling Fløistad/NIBIO