Historisk arkiv

Handsaming av opplysningar i politiet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Det såkalla Politiregisterutvalet har i dag lagt fram si innstilling der det vert gjort framlegg om ein ny lov om handsaming av opplysningar i politiet og påtalemakta (28.08.03)

Pressemelding

Nr.: 63-2003
Dato: 28.08.03

Nytt lovframlegg om handsaming av opplysningar i politiet

Det såkalla Politiregisterutvalet har i dag lagt fram si innstilling der det vert gjort framlegg om ein ny lov om handsaming av opplysningar i politiet og påtalemakta. Etter utvalets meining har krav til personvern gjort det naudsynt og ønskeleg å gjere omfattande lovendringar samtidig som politi og påtalemakt får rom til å løyse sine oppgåver.

Justisdepartementet sette 28. august 2000 ned eit utval for å gå gjennom strafferegistreringslova og utarbeide framlegg til ny lov om politiregister.

Mandatet til utvalet har mellom anna vore å føreslå nye reglar for handsaming av opplysningar i politiet. Utvalet har vurdert etablering, bruk og opphøyr av politiregister, ikkje minst såkalla etterretningsregister som inneheld personopplysningar som er etablert til bruk i, eller avleda av, straffesakshandsaming. Utvalet har gått igjennom og vurdert eksisterande reglar for bruk av politiattest og straffeopplysningar i samband med vandelskontroll.

Utvalet har utarbeidd framlegg til ei ny lov om handsaming av opplysningar i politiet og påtalemakta (politiregisterlova). Framlegget femnar og om Politiets sikkerhetstjeneste (PST). Utvalet har teke utgangspunkt i at den politirettslege lovgjevinga vert til ved avveging av samfunnsvern og kampen mot kriminalitet på den eine sida, og rettstryggleik og personvern på den andre sida. I lys av dette har utvalet sett det som viktig at politiet får lov til å handsame opplysningar til politimessige føremål så langt det er naudsynt og står i eit rimeleg forhold til kampen mot kriminalitet. I tillegg må dette skje på ein måte som er så klar og føresjåeleg som mogleg for den enkelte.

Lovframlegget vil i liten grad endre arbeidsmåtane til politiet og påtalemakta, men det vil på alle nivå stillast krav om å vera tydeleg på kvifor ein samlar inn opplysningar og korleis ein brukar dei i den enkelte saka.

Ei ny politiregisterlov vil vera ei spesiallov som på sitt område går framføre personopplysningslova. Viktige personvernrettslege prinsipp, som at det må definerast kva formål opplysningane er samla inn for, om det er naudsynt å behandle dei, og at dei ikkje skal lagrast lenger enn det som trengst, er teke med i lovframlegget.

Framlegga om teieplikt og utlevering av opplysningar er sentrale, og byggjer nært på gjeldande reglar. Reglane er i dag spreidd i fleire lover, og utvalet gjer framlegg om at dei vert samla i ei lov. Den registrerte bør gjevast innsynsrett der unnatak ikkje er naudsynt av omsyn til kampen mot kriminalitet. I tillegg føreslår utvalet at det skal vera ei viss plikt til å informere den registrerte når opplysningar skal leverast ut frå politiet til andre offentlege organ eller private, og dette skjer i mottakaren si interesse.

Utvalet anbefaler omarbeiding av reglane om vandelskontroll og politiattestar. Nytt er mellom anna framlegget om rett til å krevje fornya attest etter tre år.

Utvalet går inn for at politiet får meldeplikt til Datatilsynet om handsaming av opplysningar, og at Datatilsynet får ein tilsynskompetanse. Det vert og foreslått ein avgrensa klagerett over enkelte av politiets handsamingar av opplysningar.

Utvalet føreslår reglar om informasjonstryggleik og internkontroll, mellom anna innføring av personvernombod og sporing av bruk i dei elektroniske systema slik at det kan kontrollerast at dei interne reglane om tilgang vert følgde.

Utvalet har vore samansett av:
Tingrettsdommar Per Gammelgård (leder)
Rådgjevar Katrine Kjærheim Fredwall
Politiavdelingssjef Frank Førsund
Seksjonsssjef Knut-Brede Kaspersen
Advokat Janne Kristiansen
Førstestatsadvokat Tor-Geir Myhrer
Seniorrådgjevar Sylvia Peters
Politiinspektør Bente Storruste
Underdirektør Magne Svor
Advokatfullmektig Lena Lundgreen (sekretær)

Kontaktperson: Tingrettsdommar Per Gammelgård, tlf. 22 03 53 60.

NOU 2003:21 Kriminalitetsbekjempelse og personvern – politiets og påtalemyndighetens behandling av opplysninger