Har du ein kandidat til Kulturdepartementet sin menneskerettspris for journalistar?

Prisen blir gitt til ein journalist som i særleg grad har sett søkelys på aktuelle menneskeretts-spørsmål i Noreg.

Kulturdepartementet sin menneskerettspris for journalistar blir delt ut for femte gong ved åpninga av Nordiske Mediedagar 2014 i Bergen den 7. mai.

Prisen blir gitt til ein journalist som i særleg grad har sett søkelys på aktuelle menneskeretts-spørsmål i Noreg.

 Litografi av Håkon Bleken
(Foto: Medietilsynet. Litografi av Håkon Bleken)

Prisen er ei pengegåve på 100 000 kroner og eit litografi, utført av kunstnaren Håkon Bleken.

Juryen understrekar at journalistikk om menneskerettar er ein vesentleg del av det journalistiske oppdraget, både i store og små redaksjonar. Mindre, lokale medier spelar ei like viktig rolle som nasjonale medier i å bevisstgjere om, og avdekke, brot på grunnleggande rettar.

Alle kan fremme forslag til kandidatar innan onsdag 5. februar 2014 til juryen sin sekretær jan.erik.andersen@medietilsynet.no.

For informasjon om bakgrunn og kriterier, og informasjon om tidlegare prisvinnarar: http://www.medietilsynet.no/no/Stotteordninger/Menneskerettighetsprisen/