Hauglie på ministermøte på Malta

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie deltok denne veka på EU sitt uformelle ministermøte på Malta. Temaet var korleis vi kan få fleire over frå sosiale stønadar til lønna arbeid. I innlegget sitt la statsråden vekt på kva regjeringa i Noreg har gjort på feltet.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie sittende ved siden av statssekretær Peter Pogacar ved et konferansebord.
Statssekretær Peter Pogacar fra Slovenia og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie under ministermøtet på Malta. Foto: EU2017MT

Overskrifta frå det maltesiske EU-formannskapet for det to dagar lange ministermøtet var «Making work pay». Malta har«det sosiale aspektet» som ei av sine hovudprioriteringar. 

Ministrane diskuterte korleis det er mogleg å auke kompetansen i arbeidsstyrken og sørgje for at opplæringa er tilpassa kva arbeidsmarknaden treng, kva for nokre tiltak som gir høg deltaking i arbeidslivet og på samme tid gir god sosial sikring til alle.

Medlemslanda delte òg sine erfaringer om kva som har virka bra og mindre bra. Dei diskuterte òg korleis skilnadane i den europeiske arbeidsmarknaden kan bli mindre og kor viktig arbeid er for sosial inkludering. 

Her var dei norske erfaringane relevante og Hauglie trakk fram fleire tiltak som no vert gjennomført i Noreg for at fleire skal få tilbod om arbeid og aktivitet og i staden for å passivt heve trygd. Ho nemnde mellom anna aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar, endring i ordninga med arbeidsavklaringspenger og den nye ungdomsinnsatsen for dei under 30 år. 

Les statsråden sitt innlegg her