Revidert nasjonalbudsjett

— Høgt tempo i havvindsatsinga

Regjeringa foreslår 85 millionar kroner i auka løyving til kartlegging av havbotnen i havvindområda Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. Det er viktig for å halde tempoet oppe.

— ­Havvindsatsinga er godt i gang, og vi er avhengig av gode undersøkingar av havbotnen for at dei som får tildelt prosjektområde kan velje rett plassering av vindkraftverka og kome raskt i gang med prosjektutviklinga, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

— Vi treng meir fornybar kraft, og vi treng det raskt. Havvind er ein viktig del av løysinga, og det er derfor viktig at regjeringa bidreg til å halde tempoet oppe – samtidig som vi skal gjere dette på ein ordentleg måte. Vi er opptatt av å få til god sameksistens med mellom anna fiskerinæringa, seier Aasland. 

Undersøkingane vil dekke dei utlyste prosjektområda på Utsira Nord, det som står att for første fase av Sørlige Nordsjø II og i tillegg halvparten av det resterande arealet i Sørlige Nordsjø II. Løyvinga er auka for å dekke inn auka kostnadar for grunnundersøkingane.

Resultata frå undersøkingane vil bli tilgjengelege for selskapa som ønskjer å byggje ut havvind. Selskapa som får tildelt prosjektområde vil betale kostnadane staten no tek for grunnundersøkingane.