Historisk arkiv

Oppheving av lov om registrering av innsamlingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa vil fjerne lov om registrering av innsamlingar. Dette vil innebere at Innsamlingsregisteret ikkje lenger vil vere regulert av offentleg lovgivning, men kan førast vidare gjennom privat organisering. Oppheving av lova er i tråd med regjeringas politikk om å gjere reglane enklare og byråkratiet mindre.

Lenkje til framlegget om oppheving av lov om registrering av innsamlingar

- Vi fjernar no ei lov som har vist seg å vere unødvendig og som rammar dei seriøse innsamlingsorganisasjonane på ein uheldig måte, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Innsamlingsaksjonar er eit sentralt verkemiddel som blir nytta både av små og store organisasjonar til å finansiere ei rad ulike aktivitetar og formål. Pengeinnsamlingar er med på å styrkje den sjølvstendige og uavhengige rolla til organisasjonane, og gir større legitimitet til det arbeidet organisasjonane gjer.

- Bidrag frå private givarar er heilt avgjerande for frivillige organisasjonar. Eg har tillit til det arbeidet organisasjonane gjer for å ivareta interessene til gjevarane og sikre at innsamla pengar blir nytta i tråd med det oppgitte formålet, seier Widvey.

Stiftelsen Innsamlingskontrollen har sidan 1991 arbeidd for å sikre forsvarleg gjennomføring av innsamlingar og forvalting av innsamla midlar, og vil stå fritt til å føre vidare ei ordning for kontroll av innsamlingar ved oppheving av innsamlingsregistreringslova.