Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

176 millionar kroner meir til Hedmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Hedmark og Hedmark fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 176 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Hedmark og Hedmark fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 176 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Hedmark og Hedmark fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0402 Kongsvinger

12,0

0403 Hamar

23,4

0412 Ringsaker

25,6

0415 Løten

6,0

0417 Stange

14,3

0418 Nord-Odal

4,3

0419 Sør-Odal

5,5

0420 Eidskog

5,8

0423 Grue

3,8

0425 Åsnes

6,3

0426 Våler

3,3

0427 Elverum

13,0

0428 Trysil

4,8

0429 Åmot

3,9

0430 Stor-Elvdal

2,1

0432 Rendalen

1,3

0434 Engerdal

1,4

0436 Tolga

1,0

0437 Tynset

4,7

0438 Alvdal

1,5

0439 Folldal

1,2

0441 Os

1,7

Hedmark

146,9

 

Hedmark fylkeskommune          29,2


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00