Historisk arkiv

Heidi Grande Røys si tale under opninga av Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare

- Kompetansesenteret skal bli ei viktig drivkraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Eit nasjonalt senter er viktig fordi kompetanse er identifisert som den største barrieren for offentlege verksemder i forhold til å ta i bruk fri programvare. Dette kompetansesenteret vil gi grunnlag for auka kompetanse på fri programvare i offentleg sektor, og vil jamne ut straumen av informasjon frå den proprietære programvareindustrien, sa Heidi Grande Røys under opninga av Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare. Les talen.

Statsråd Heidi Grande Røys     –     Drammen 15. august 2007
Opninga av Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare

Velkommen hit til opninga av det nasjonale senteret for fri programvare.

Det er med stor glede eg står her i dag saman med dykk og initiativtakarane bak Nasjonalt senter for fri programvare. Dette er ein viktig merkedag for alle oss som er opptekne av fri programvare.Eg seier oss, for dette er ein merkedag òg for regjeringa.

Dugnadsånda står sterkt i den norske folkesjela. Idrettslaga, korpsa, teatergruppene, speidargruppene og stort sett alt som er av organisasjonsliv er avhengig av innsatsen frå eldsjelene. Dette er ein kultur samfunnet treng og som vert verdsett på mange måtar.

Miljø som har jobba med temaet fri programvare i mange år har av mange fått eit litt sært stempel. Det er både feil og ufortent. Den jobben som vert gjord, og der mange av dykk har medvirka aktivt over lang tid, føyer seg etter mi meining godt inn i den beste norske dugnadskulturen. De har gjort dette fordi de synest det er viktig og meiningsfylt. De har gitt bidrag til fellesskapet, akkurat som handballtrenaren eller korpsdirigenten.

Mens det offentlege støttar aktivt opp under arbeidet til det frivillige Noreg kan det trygt seiast at miljøa som kjempar for fri programvare ikkje har fått same støtte. Denne regjeringa har endra på dette. Vi legg stor vekt på fri programvare i vår IT-politikk.

I lys av dugnadskulturen ynskjer eg i dag å invitere til designkonkurranse for å forme senterets grafiske profil. Designstudentar, designmiljø og andre interesserte inviterast til å teke del i konkurransen. 
 
Når regjeringa støttar arbeidet med fri programvare, så er det fleire grunnar til det:

  • Fri programvare er i seg sjølv eit prinsipp det er verdt å stå opp for. Det handlar om openheit, samarbeid og å dele kunnskap.

  • Fri programvare er open og tilgjengeleg for alle, der alle byggjer vidare på det andre har komme fram til. Opne prosessar der alle kan sjå kva som skjer medverkar òg til eit tryggare samfunn.

Vi ynskjer å auke bruken av fri programvare i offentleg sektor, difor har vi stor tru på det nasjonale kompetansesenteret for fri programvare. Eg vil difor støtte etableringa av senteret med 2 millionar kroner. I tillegg har eg fått med meg kunnskapsministeren som gir ytterlegare 750 tusen kroner.

Arbeidet med fri programvare er òg næringspolitikk. Store og små verksemder skal kunne konkurrere på lik linje. Då er utlysingar frå offentlege verksemder som føreset opne standardar og som prefererer fri programvare viktige. Skal mindre norske bedrifter som til dømes det Skien-baserte og no internasjonale selskapet eZ-systems, som skal halde foredrag seinare i dag, kunne konkurrere med store internasjonale leverandørar, er dette viktige prinsipp. Eg trur òg slike prinsipp vil leggje til rette for ny lokal innovasjon basert på fri programvare. Fri programvare kan vere med å fjerne den dominansen som store leverandørar av proprietære løysingar har i dag.

Det er mitt mål at satsinga på fri programvare skal medvirke til å:

  • Auke bruken av fri programvare.
  • Auke kunnskapen om fri programvare.
  • Gjere det mogleg med større gjenbruk av IKT-løysingar i offentleg sektor - ikkje minst i våre 431 kommunar som i stor grad leverer same type tenester til innbyggjarane og næringslivet.
  • Danne grunnlaget for auka kompetanseutvikling i samfunnet gjennom ein kultur for å dele eigenutvikla programvare.
  • Kunne stimulere norsk IKT-næring og føre til betre konkurranse i programvaremarknaden. For dei som framleis måtte vere i tvil: Det er mogleg å drive business basert på tanken om fri programvare.
  • Støtte opp under arbeidet med opne standardar, då (god) fri programvare ofte er basert på opne standardar.

Eit nasjonalt senter er viktig fordi kompetanse er identifisert som den største barrieren for offentlege verksemder i forhold til å ta i bruk fri programvare. Dette kompetansesenteret vil gi grunnlag for auka kompetanse på fri programvare i offentleg sektor, og vil jamne ut straumen av informasjon frå den proprietære programvareindustrien.

Vi forventar at kompetansesenteret skal bli ei viktig drivkraft for kompetanseheving og tilrettelegging for bruk av fri programvare primært i offentleg sektor, men òg i privat sektor. Vi håpar senteret vil utfordre programvarebransjen, både dei som leverer proprietær programvare og dei som leverer fri programvare, slik at konkurransen aukar og tilbodet blir enno betre.

Etableringa av dette senteret er eit resultat av eit godt samarbeid mellom departement, KS, IKT-Norge, fylkeskommunane og høgskulemiljøa. Eg er overtydd om at langt fleire enn desse vil få glede av det.

Regjeringa si satsing på fri programvare er meir enn etableringa av det nasjonale kompetansesenteret. I statsbudsjettet for i år vart det løyvd 10 millionar kroner til arbeidet med fri programvare og opne standarder. Vi vil vurdere å innføre ein preferansepolitikk for fri programvare i offentleg sektor. Vi skal òg sjå på fri programvare som tema i relevant utdanning.

Med dette vil eg med dette erklære Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare for opna! Lukke til!

Les òg:

Open source software - A key element in Norwegian ICT-strategy, Opening speech at the eZ Awards 2007, by Heidi Grande Røys (07.06.07)