Historisk arkiv

Heidra Signes Raspeball med Spesialitet-merket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister heidra Signes Raspeball med spesialitet-merket for unik smak på Bondeheimen i Oslo.

For ein vestlending er det ekstra stas å heidre Signe sine raspeballar på sjølve komletorsdag. Raspeballar er ekte, norsk tradisjonskost og smakar heilt fantastisk, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale delte ut Spesialitet-merke til Signes Raspeball på sjølve komletorsdag. Fra venstre: Jon Georg Dale, Signe Nydal og adm. dir Nina Sundqvist i Matmerk.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale delte ut Spesialitet-merke til Signes Raspeball på sjølve komletorsdag. Frå venstre: Jon Georg Dale, Signe Nydal og adm. dir Nina Sundqvist i Matmerk. Foto: Matmerk/Maren Nordtorp

Signes Raspeball held til i Førde, og har sidan1995 trilla raspeballar til lokale butikkar, hotell og kaféar for hand. Raspeball, eller komle, klubb, ball eller kompe er ekte, norsk tradisjonskost. Konsistens, tilbehøyr og om dei er fylt med flesk eller ikkje, kan variere frå bygd til bygd. No håpar Signe at Spesialitet-merket kan bidra til at endå fleire oppdagar raspeballen, i fleire delar av landet.

Kva slags mat- og drikkevarer som får Spesialitet-merket blir bestemt av ein uavhengig fagjury, som sniffar, smakar og smattar seg gjennom produkta som ynskjer å bruke merket. Fagjuryen vurderer grundig kvalitet og smak før dei tildeler Spesialitet.