Historisk arkiv

Heilautomatisk saksbehandling i NAV

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

NAV har fått permanent heimel til automatisert saksbehandling.

For at NAV skulle kunne møte den store mengda saker som kom inn i samband med koronapandemien, blei det i april vedteke ei mellombels forskrift om automatisert saksbehandling i NAV. Ei særskild føresegn i NAV-lova gir nå heimel til ein permanent tilgang til automatisert saksbehandling, og følgjer med det opp krava i personvernforordninga til EU.

– Vi har sett at denne tilgangen har effektivisert saksbehandlinga, særleg når saksmengda har vore så stor som nå. Det er viktig med ei rask og god saksbehandling som tar vare på personvernet til brukarane. Dette er helt essensielt i moderne velferdsforvaltning, og det er godt at vi nå har fått på plass dei nye reglane, seier arbeids- og sosialminister Henrik Asheim.

Automatisert saksbehandling kan mellom anna medverke til effektiv og sikker saksbehandling, og til auka likebehandling.

Lova får verknad frå 4. desember 2020.