Hektiske dagar på den norske restauranten i Berlin

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kokkar og servitørar har i ti dagar arbeidd på høggir for at svoltne messegjester skal få servert den rette smaken av Noreg på Grüne Woche i Berlin.

Allereie sist laurdag, på dag to av årets Internationale Grüne Woche (IGW), kunne Solveig Svahnstrøm og Petter Wahl Sekne melde om nye rekordar. Frå sin sedvanlege posisjon heilt ute på høgrekanten av det norske restaurantkjøkenet, selde dei smårettar til to og tre euro. Fiskekaker frå Frøysagarden, spekemat av elg frå Stensaas, akevittpølser frå Kandal, krabberøre frå Hitra og grillpølse av rein frå Røros. Utvalet er som ein høyrer både smakfullt og stort.

Solveig Svahnstrøm og Petter Wahl Sekne
Solveig Svahnstrøm og Petter Wahl Sekne driv tradisjonen tru ein liten butikk i butikken, med eit smårett-utsal frå det norske kjøkenet på IGW. Og køen av svoltne tyskarar tidvis er tilnærma endelaus. Foto: Vidar Alfarnes

– Totalt selde vi smårettar for over fire tusen euro. Det er ny dagsrekord for den vesle «butikken» vår. Vi gjekk tidleg tom for grillpølse av rein, og har mest ikkje tal på kor mange fiskekaker det har gått ut. Sikkert nærare tusen, fortel dei to veteranane i Furset-gruppa.

– Vi har diskutert litt i dag, om det er tiande eller ellevte gongen vi er med til IGW. Det har iallfall vorte ein god tradisjon, forklarar kjøkensjefen for ein gjeng på totalt 19 personar. Som i tillegg til restauranten på den norske paviljongen, også hadde ansvaret for eit aldri så lite matgilde på den fellesnordiske ambassaden, sist fredag. Også det ein svært så populær tradisjon.

Sous-chef Cristiana Diniz i aksjon. Bak ho konditor Vivian Vuong.
Sous-chef Cristiana Diniz i aksjon. Bak ho konditor Vivian Vuong. Foto: Vidar Alfarnes

– Det er heilt supert å vera attende på IGW , etter nokre år med pandemipause. Mange av våre trufaste stamgjester er på plass og glade for å sjå oss. Og for at «Berlin sin beste restaurant» igjen er open, smiler Sekne.

Nokre meter unna er kokkane Arnold Egeli og Robin Pettersson i full sving med å leggje godsaker på nye tallerkenar. Dei to hovudrettane er reinsdyr frå Filefjell, med ullgris-pancetta frå Bergen, fritert kvitrull, gulrotkrem og sjy smakt til med Skarbø-Gravenstein og mjødurt.

Kokk Robin Pettersson
Kokkane arbeidar på utstilling, og det er mange som vert litt ekstra svoltne når dei ser Robin Pettersson gjer klar ein ny rett med reinsdyr. Foto: Vidar Alfarnes

Samt Kveite frå Hjelmeland, akkompagnert av raudbetekrem frå Frosta, fritert jordskokk og sylta østerssopp, bruna Røros-smør med ramslauk og trøndersk kantarell.

Kveite frå Hjelmeland
Kveite frå Hjelmeland - med raudbetkrem, fritert jordskokk og sylta østerssopp. Røros smør med ramslauk, samt trøndersk kantarell. Foto: Vidar Alfarnes

Begge rettane vert servert med Gulløye-poteter frå Nord-Noreg.

Og sjølv om middagsrettane forsvinn frå kjøkenet i stort tempo, går det endå tettare mellom kvar djup tallerken med fiskesuppe som vert gjort klar.

Arnold Ekeli
Arnold Ekeli gjer klar nye forsyningar med fiskesuppe, den mest populære retten på den norske restauranten. Foto: Vidar Alfarnes

– Det er i særklasse den mest populære retten på restaurant-menyen vår. Folk tenkjer kanskje at det er litt rart med så mykje fiskeprodukt på ei landbruksmesse. Men sanninga er at det er sikkert meir enn 70 prosent landbruksingrediensar i fiskesuppa. Slik det er i lakse-småretten som Solveig og eg sel. Her er det nemleg også Røros-rømme, flatbrød, agurk, fennikel og dill, bjørkesevje og økologiske blomster frå Tolga, røpar den travle kjøkensjefen.

– Eg kjenner meg ganske trygg på at dette vert det beste året for restauranten nokon sinne, seier Petter Wahl Sekne.

Grüne Woche i Berlin er ei av verdas største forbrukermesser for landbruk, mat og reiseliv. Landbruks- og matdepartementet står bak den norske deltakinga saman med Innovasjon Norge og Noregs ambassade i Berlin.

Restaurantsjef Konstantin Zimmermann
Restaurantsjef Konstantin Zimmermann held kontroll på bord, gjester og servitørar. Her er han fotografert saman med landbruks- og matminister Sandra Borch. Foto: Vidar Alfarnes