Presseinformasjon

Statsråd Helgesen til Brussel 11., 12. og 15. juni

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

EØS/EU-minister Vidar Helgesen er i Brussel frå torsdag kveld til mandag kveld for å ha politiske samtalar. Her møter han dei tre kommissærane Moedas, Stylianides og Navracsics, han deltar på European Foreign Policy Conference og han er hovudtalar på Efta-seminaret om den indre marknaden.

Torsdag 11. juni

Kl. 19: Statsråd Helgesen deltar i ein middag i regi av European Council on Foreign Relations, ECFR, saman med Federica Mogherini, høgrepresentant for utanriks- og tryggingspolitikk og visepresident i Europakommisjonen og Didier Reynders, den belgiske utanriksministeren. Stad: Galerie des Glaces (1st Floor), Palais d’Egmont, Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.  

Fredag 12. juni

Kl. 11.45: Statsråd Helgesen har innlegg under årskonferansen til ECFR, i ein paneldebatt med tema «Skal vi la Storbritannia gå?», saman med direktør Mark Leonard i ECFR og Economist-spaltisten Tom Nuttall. Stad: Stanhope Thon Hotel, Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.  

Kl. 14.30: Statsråd Helgesen møter Carlos Moedas, kommissær for forsking, vitskap og innovasjon. Stad: Berlaymont, Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.  

Kl. 17.30: Statsråd Helgesen møter Christos Stylianides, kommissær for humanitær bistand og krisehandtering. Stad: Berlaymont, Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.  

Måndag 15. juni

Kl. 12.30: Statsråd Helgesen møter Tibor Navracsics, kommissær for utdanning, kultur, ungdom og idrett. Stad: Berlaymont, Brussel.

Kl. 13: Statsråd Helgesen held opningsinnlegget på eit seminar om forsking, innovasjon og romteknologi i Nordområda. Seminaret er i regi av den norske EU-delegasjonen i samarbeid med Forskingsrådet, Norsk romsenter og Nord-Norges Europa-kontor. Stad: Norges Hus, Rue Archimède 17, Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Lars-Erik Hauge +32 494 535 820.  

Kl. 16: Statsråd Helgesen held innlegg under eit Efta-seminar om den indre marknaden som motor for vekst i Europa. Her deltek også den tyske kristelegdemokraten Andreas Schwab frå Europaparlamentet med innlegg. Stad: Efta-sekretariatet, Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Lars-Erik Hauge +32 494 535 820.