Presseinformasjon

EØS/EU-minister Vidar Helgesen til Frankrike 2.-4. juli

Statsråd Vidar Helgesen vitjar Frankrike for politiske samtalar og deltek på ein internasjonal økonomikonferanse. Helgesen er i Paris 2. juli og i Aix-en-Provence 3.-4. juli.

I Paris skal Helgesen mellom anna ha møte med Philippe Léglise-Costa, leiar for den franske regjeringa si samordningseining for europaspørsmål.

Torsdag 2. juli

Kl. 09.00 Møte med Pierre N’Gahane, leiar for Innanriksdepartementet sitt anti-radikaliseringsarbeid. Stad: Paris.

Kl. 13.00 Helgesen deltek på ein lunsj i samband med overrekkinga av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen til Alain Seban, Alfred Pacquement, Angela Lampe og Clément Chéroux for fortenestefullt virke for norsk kunst og kultur i Frankrike. Personane var sentrale for utstillinga Edvard Munch – Det moderne øye ved Pompidou-senteret i Paris 2011-2012. Stad: Paris.

Kl. 11.00 Møte med Louis Gallois, tidlegare investeringskommisær og leiar av arbeidet med ein rapport bestilt av den franske regjeringa om korleis fransk konkurranseevne kan forbetrast. Stad: Paris.

Kl. 16.30 Møte med Axelle Lemaire, statssekretær med ansvar for digital agenda. Stad: Økonomidepartementet, Paris.

Kl. 18.00 Møte med Philippe Léglise-Costa, leiar for den franske regjeringa si samordningseining for europaspørsmål. Stad: Paris.

Pressekontakt: Therese W. Bazard, +33 786 277339.

Fredag 3. og laurdag 4. juli

Statsråd Helgesen deltek på konferansen Les Rencontres Economiques d'Aix-en-Provence. Konferansen samlar sentrale franske og internasjonale politikarar, næringslivsleiarar og akademikarar. Helgesen skal delta i ein paneldebatt om mobilitet på arbeidsmarknaden fredag ettermiddag. Over 30 land er representert med om lag 4000 deltakarar i «Frankrikes versjon av WEF i Davos». Stad: Aix-en-Provence, Frankrike.  

Pressekontakt: Avdelingsdirektør John Mikal Kvistad, 410 09 439.