Helse- og omsorgsdepartementet fekk pris for klarspråk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 21.03.2018
Ei tung og traust forskrift blei gjort lett og ledig. Forenklinga gav Helse- og omsorgsdepartementet klarspråkpris.
Det er ei forskrift om eigenbetaling ved poliklinikkar som har vunne temaprisen for klar og brukarretta informasjon om helse- og omsorgstenester i 2017.
- Me snakkar ofte om at pasientar skal bli møtt med respekt i helsetenesta. Det inneber også at pasientar skal bli møtt med eit språk det er mogeleg å forstå. Eg er stolt over at Helse- og omsorgsdepartementet har vunne denne prisen. Den vil inspirere oss i det vidare arbeidet med å gjere språket vårt enklare og meir pasientretta, seier departementsråd Bjørn-Inge Larsen.
Det er "Forskrift om godtgjørelse av utgifter til helsehjelp som utføres poliklinisk ved statlige helseinstitusjoner og ved helseinstitusjoner som mottar driftstilskudd fra regionale helseforetak" som har blitt fornya.
Den har no fått tittelen "Forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta".
Den opprinnelege forskrifta var lang og hadde eit tungt og passivt språk. Den var skrive på bokmål, hadde mange leddsetningar og mange vanskelege faguttrykk.
Den nye forskrifta er skrive på nynorsk fordi det er eit meir aktivt språk enn bokmål. Den er korta ned og inneheld nesten berre hovudsetningar. Dei vanskelege faguttrykka er fjerna.
Forskrifta fortel no kva behandling pasienten skal betale for, kor mykje det kostar og om betalinga fell inn under eigendelstaket.
Det er avdelinga for spesialisthelsetenester som har laga den nye forskrifta. Prisen deles ut av Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).