Priv til red:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Trøndelag

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Tysdag 19.11. besøkjer statsråden Helse Midt-Norge RHF, lågterskeltilbod for psykisk helse i Stjørdal kommune, Kvamsgrindkollektivet og St. Olavs Hospital.

Tysdag 19.11. besøkjer statsråden Helse Midt-Norge RHF, lågterskeltilbod for psykisk helse i Stjørdal kommune, Kvamsgrindkollektivet og St. Olavs Hospital.

Program:

09.15-10.15: Helse Midt-Norge RHF
Statsråden møter leiing og tilsette for å diskutere sjukehuspolitikken framover. Statsråden held innlegg.
Adresse: Strandvn. 1, Stjørdal

10.30-11.30: Stjørdal kommune
Høie møter kommunepsykolog, fagkoordinator og fastlege i Stjørdal kommune om lågterskeltilbodet innanfor psykisk helse i kommunen.
Adresse: Kirkens Hus, Skolegata 1, Stjørdal

12.15-13.30: NKS Kvamsgrindkollektivet
Kvamsgrindkollektivet har avtale med Helse Midt-Norge om rusbehandling. Statsråden får ei omvising der han får sjå dagaktivitetar og korleis tilsette og brukarar bur ved kollektivet. Høie spiser lunsj med tilsette og brukarar.
Adresse: Kvamsgrindtunet, Bratsbergvn. 255, Trondheim

14.00-14.30: Ortopedisk klinikk på Bevegelsessenteret, St. Olavs Hospital
Adresse: Olav Kyrres gt 13, Trondheim
Statsråden blir orientert om arbeidet med standardiserte pasientforløp i regionen. Høie får høyre om sjukehuset sitt fast track-prosjekt der mellom anna betra logistikk, tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg rapportering av resultat har ført til reduserte ventetider og liggetider, noko som er godt motteke av pasientar og tilsette. Høie får møte ein pasient ved senteret.

14.30-15.15: Møte med tillitsvalde utan presse og leiing til stades.

15.15-15.30: Tid til presse

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter