Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Bergen 19. oktober

Torsdag 19. oktober besøker helse- og omsorgsministeren Barnas Fysioterapisenter og Laksevåg legesenter. Han held også innlegg på Bergenskonferansen i regi av Norsk hjerneslagforening.

Kl. 12.00 – 12.45:   Fritt behandlingsval ved Barnas Fysioterapisenter, adresse: Solheimsgaten 9, Bergen

I august vart Barnas Fysioterapisenter godkjent som Fritt behandlingsval-leverandør. Senteret tilbyr intensiv habilitering til barn og unge. Statsråden deler ut diplom til Odin Knapstad (6) og to andre barn, som torsdag er ferdig med den første intensive habiliteringsperioden sin. Odin har Cerebral Parese, og treng intensiv habilitering for å klare å gå og bevege seg. Han har tidlegare reist til USA for å trene. Han gjer nå store framsteg på senteret i Bergen, som han vel gjennom fritt behandlingsval-ordninga. Over 5300 pasientar bruker nå fritt behandlingsval.  

Kl. 13.00 – 13.45:   ALIS Vest-prosjektet på Laksevåg Legesenter, adresse: Damsgårdsveien 167, Bergen

Statsråden møter to fastlegar ved Laksevåg legesenter og ein ALIS (allmennlege i spesialisering), for å høyre erfaringane deira med ALIS Vest. Prosjektet går ut på at legar i spesialisering i allmennmedisin får faste utdanningsstillingar i fleire kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Kommunane har lyst ut fastlønna utdanningsstillingar og tilset på vanleg måte, og får tilskot per ALIS. ALISen får rettleiing, og ei godt strukturert spesialistutdanning. Prosjektet har også som mål å sikre rekruttering til fastlegeheimlane og andre allmennmedisinske oppgåver i kommunane.

Bergen kommune har ansvar for å leie prosjektet, og prosjektleiar Hans Høvik vil også vere tilstades og orientere statsråden.

Kl. 14.00 – 14.30:   Hjerneslagseminar på Grand Hotel Terminus, adresse:  Zander Kaaes gate 6, Bergen     

Statsråden held innlegg på Bergenskonferansen om regjeringa si satsing på hjernehelse. Arrangør er Norsk hjerneslagforening.  


Pressa er velkommen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.